3.1.4 Avkastning og utbetaling frå kapitalforsikring

Post 3.1.4 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du i 2015 har hatt i avkastning på sparedelen av kapitalforsikring med garantert avkastning og/eller skattepliktig utbetaling i 2016 frå kapitalforsikring med investeringsval utan garantert avkastning (Unit Link-forsikring). Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har kapitalforsikring teikna i selskap som høyrer heime i Noreg, og som har hatt

  • avkastning i 2015 på sparedelen av kapitalforsikring med garantert avkastning
  • utbetaling i 2016 frå kapitalforsikring med investeringsval utan garantert avkastning (Unit Link-forsikring)

Skattepliktig avkastning/utbetaling frå kapitalforsikring, med eller utan garantert avkastning, teikna i selskap utanfor Noreg, fører du i post 3.1.11.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med avkastnings- og/eller utbetalingsbeløpet. Beløpa baserer seg på kva forsikringsselskapet har rapportert inn, så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå forsikringsselskapet i januar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte forsikringsselskapet for at årsoppgåva skal bli rett.

 

Informasjon manglar

Dersom det manglar informasjon om avkastning på sparedelen av kapitalforsikring med garantert avkastning, må du føre opp

  • namnet på forsikringsselskapet
  • avkastninga
  • attkjøpsverdien av livsforsikringa

Dersom det manglar informasjon om utbetaling frå kapitalforsikring utan garantert avkastning, må du føre opp det skattepliktige beløpet.

Logg inn, og fyll ut posten.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.