3.1.5 Skattepliktig utbyte på aksjar o.l. (RF-1088)

Post 3.1.5 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser skattepliktig utbyte. Beløpet er normalt fylt ut med det som går fram av RF-1088 Aksjeoppgåva. I midten av mars fekk du dette skjemaet, som er ei oversikt over dei norske aksjane dine samt utanlandske selskap registrerte på Oslo Børs.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som eig aksjar, og som har fått betalt ut skattepliktig utbyte.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten skal vere fylt ut med skattepliktig utbyte overført frå post 130 i skjema RF-1088 Aksjeoppgåva. Du må kontrollere at beløpa i aksjeoppgåva og skattemeldinga er rette.

Informasjonen er feil

Dersom beløpa er feil eller mangelfulle, endrar du dei direkte i skattemeldinga. 

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.