3.1.6 Skattepliktig avkastning av partar i verdipapirfond

Post 3.1.6 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du og barna dine under 17 år har teke imot i skattepliktig avkastning frå part i verdipapirfond. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som

  • har partar i verdipapirfond og har teke imot utbyte/avkastning og/eller
  • har barn under 17 år i inntektsåret som eig partar i verdipapirfond, og som har teke imot utbyte/avkastning

Avkastning frå partar i norske obligasjons- og pengemarknadsfond skal førast i post 3.1.2.

Fosterforeldre

Posten gjeld ikkje dersom du får fosterheimsgodtgjersle. Dersom fosterforholdet har karakter av adopsjon og du ikkje får fosterheimsgodtgjersle for barnet, gjeld posten også deg når barnet har teke imot utbyte/avkastning.

Dersom du ikkje bur saman med mora/faren til barnet

Dersom de foreldre ikkje bur saman, er det den barnet bur hos (ifølgje Folkeregisteret) ved utgangen av inntektsåret, som skal føre opp avkastninga.

Dersom du har barnet buande hos deg og er gift, blir barnet si avkastning fordelt mellom deg og ektefellen din. Ektefellen din, som ikkje er den biologiske faren eller mora til barnet, kan føre heile avkastninga over på deg.  

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med utbyte/avkastning. Beløpet baserer seg på kva forvaltingsselskapet/-selskapa har rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå forvaltingsselskapet i januar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte forvaltingsselskapet for at årsoppgåva skal bli rett.

Informasjon manglar

Dersom du eig ein part i eit verdipapirfond og dette ikkje allereie er fylt ut i sjølvmeldinga, må du fylle ut skjema RF-1059 Aksjar og fondspartar m.m. og post 3.1.7.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.