3.1.9 Skattepliktig gevinst ved sal av partar i verdipapirfond

Post 3.1.9 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har hatt i skattepliktig gevinst ved sal av part i verdipapirfond. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har selt partar i verdipapirfond (til dømes aksjefond, obligasjonsfond, rentefond og kombinasjonsfond) med skattepliktig gevinst

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med den skattepliktige gevinsten. Beløpet baserer seg på kva forvaltingsselskapet/-selskapa har rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå forvaltingsselskapet i januar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i sjølvmeldinga.

Nytt av året

Frå og med inntektsåret 2016 er reglane for skattlegging av verdipapirfond endra. Aksjedelen i verdipapirfondet blir skattlagd med 28,75 %. Rentedelen av verdipapirfondet blir skattlagd med 25 %. Sjå òg skatteetaten.no om nye reglar for skattlegging av partar i verdipapirfond.
Har du gevinst i eit kombinasjonsfond som inneheld både aksjar og andre finansprodukt/renter, blir gevinsten i verdipapirfondet presentert på to linjer, ei linje for gevinst på aksjedelen og ei på rentedelen.

Slik blir dette vist i Skattemeldinga:

3.1.9 Gevinst sal verdipapirfond aksjedel
3.1.9 Gevinst sal verdipapirfond rentedel

Informasjon manglar

Dersom du eig ein part i eit verdipapirfond som du har selt og dette ikkje står i skattemeldinga, må du sjølv føre gevinsten i Skattemeldinga.

Du må føre opp gevinst på aksjedelen for seg og rentedelen for seg (pga. ulike skattesatsar). Leverer du elektronisk, finn du dette valet under "Legg til postar".

Særskilt om skjermingsfrådrag:

Når du sel partar i verdipapirfond (berre aksjedelen) som ikkje står i sjølvmeldinga, kan du levere RF-1059 Aksjar og fondspartar. Dette skjemaet hjelper deg med å rekne ut skjermingsfrådrag (gjeld berre aksjedelen) som reduserer den skattepliktige gevinsten din. Dersom du nyttar skjema RF-1059, skal du føre ein eventuell gevinst i post 3.1.10 eller tap i post 3.3.10.

NB. Du må ikkje føre gevinst på rentedelen i verdipapirfond i RF-1059. Ein slik gevinst fører du i post 3.1.9.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.