3.5.1 Særfrådrag for uførleik - overgangsregler

Post 3.5.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Reglane om særfrådrag for uførleik er oppheva frå og med inntektsåret 2015. Det er likevel gitt overgangsreglar for ei avgrensa gruppe skattytarar som gjeld for inntektsåra 2015, 2016, og 2017.

Gjeld posten meg?

For å få særfrådraget etter overgangsreglane må du fylle alle krava under her:

  • Du fekk eit halvt særfrådrag for uførleik i 2014  og
  •  tok ikkje imot uførepensjon frå folketrygda i 2014  og
  • framleis tek imot uførepensjon etter andre lover enn folketrygda fordi arbeidsevna er nedsett med mindre enn 2/3 og
  • du ikkje samtidig tek imot arbeidsavklaringspengar frå folketrygda

Det blir gitt særfrådrag for uførleik til og med den månaden du fyller 67 år.

Satsar og nøkkeltal

Særfrådraget blir gitt i alminneleg inntekt med 667 kroner per påbegynt månad for inntektsåret 2016.

Særfrådraget blir gitt med kr 334 per påbegynt månad for inntektsåret 2017.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten skal vere ferdig utfylt i skattemeldinga. Beløpet baserer seg på kva som har blitt rapportert inn av offentlege eller private pensjonsordningar eller forsikringsselskap om talet på månader med uføreyting med uføregrad mindre enn 67 %.

Fordeling av særfrådrag mellom ektefeller

Når ektefeller blir lignet særskilt eller under ett med fordeling av skatten, skal særfrådraget gis i inntekten hos den av ektefellene som har krav på særfrådraget. Et eventuelt ikkje utnytta beløp, blir maskinelt overført den andre ektefellen.

Logg inn, og fyll ut posten.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.