3.5.4 Særfrådrag - store sjukdomskostnader

Post 3.5.4 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Særfrådraget for store sjukdomsutgifter blei oppheva frå og med inntektsåret 2012. Som ein overgangsregel blir det likevel innvilga frådrag for store sjukdomsutgifter for personar som fekk frådrag for slike utgifter i inntektsåra 2010 og 2011, og dette skal førast i denne posten.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld i desse tilfella:

  • Dersom du sjølv har eller forsørgjer ein person med varig sjukdom eller veikskap, og dersom sjukdomen/veikskapen har påført deg kostnader på over 9180 kroner, og dersom du har fått frådrag for store sjukdomsutgifter for inntektsåra 2010 og 2011.
  • Dersom du har hatt kostnader til ombygging eller tilpassing av bustad på grunn av varig sjukdom eller veikskap godkjend før 2012, og samtidig har fått godkjent å fordele frådraget framover i tid.
  • Dersom du har hatt tilsynskostnader, som du har dekt sjølv, på grunn av varig sjukdom eller veikskap hos eit barn du forsørgjer. Det blir gitt frådrag utan minimumsgrense, og frådraget gjeld berre dei ekstra tilsynskostnadene som er på grunn av helsetilstanden til barnet, og som ikkje inngår i foreldrefrådraget i post 3.2.10.

Kostnader til tannbehandling er ikkje sjukdomsutgifter.

Dersom du ikkje fekk frådrag for store sjukdomsutgifter i 2010 eller 2011, men har klaga på vedtaket, kan du ikkje få frådraget i år før klaga er godkjend.

Satsar og nøkkeltal

Kostnadene må overstige 9180 kroner. Du får frådrag for 67 prosent av kostnadene.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I posten fører du opp summen av utgifter som er knytte til sjukdomen/veikskapen, og som du kan få frådrag for, til dømes medisinar, medisinske hjelpemiddel og legeutgifter. Du får frådrag for 67 prosent av utgiftene, men du skal føre opp alt.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på utgiftene, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Du bør setje opp ei oversikt over alle utgiftene, som du kan sende inn ilag med dokumentasjonen dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.