3.5.5 Særfrådrag - einsleg forsørgjar

Post 3.5.5 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du får i særfrådrag som einsleg forsørgjar for barn under 18 år.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som tek imot utvida barnetrygd frå NAV. Tek du imot halv utvida barnetrygd fordi barnet bur fast hos begge foreldra, blir det gitt eit halvt særfrådrag. Du får særfrådrag for same tal månader som du har teke imot utvida barnetrygd for.

Endra sivilstatus

Dersom du giftar deg eller har ein sambuar i minst 12 månader, forsvinn utvida barnetrygd og dermed også retten til særfrådraget. Då bør du også endre skattekortet ditt.

Satsar og nøkkeltal

Fullt særfrådrag er på 4 317 kroner per månad. Halvt særfrådrag er på 2 159 kroner.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er ferdig fylt ut med beløp for særfrådrag. Beløpet baserer seg på kva NAV har rapportert inn om tal på månader med heil/delt utvida barnetrygd, så kontroller at alt er rett.

Årsoppgåva du får frå NAV viser berre totalsummen som er utbetalt i barnetrygd, og kva periode i året det er utbetalt barnetrygd for. Det blir ikkje gitt opplysningar om kva barn eller kor mange barn det gjeld, eller om det er utvida barnetrygd eller vanleg barnetrygd.

På bakgrunn av beløpet oppgitt i årsoppgåva og storleiken på barnetrygda per månad kan du rekne ut kor mange månader NAV har rapportert at du har teke imot utvida barnetrygd. Talet på månader med utvida barnetrygd skal vere det same som talet på månader med særfrådrag.

Du kan ikkje endre førehåndsutfylt særfrådragsbeløp sjølv dersom du meiner det utrekna særfrådraget ikkje er rett. 

Er opplysningane om talet på månader med heil/delt utvida barnetrygd feil/for lågt, må du kontakte NAV for at korrigerte opplysningar om barnetrygda di så raskt som mogeleg kan sendast til Skatteetaten. Dersom NAV vedtek endring i utvida barnetrygd for 2016, innrapporterer NAV dei nye opplysningane til Skatteetaten og vi fastset særfrådraget på nytt. Du kan òg dokumentere kravet om høgare særfrådrag ved å leggje fram barnetrygdvedtaket frå NAV for Skatteetaten.

Dersom du etter 1. januar 2017 har fått vedtak om utvida barnetrygd som òg omfattar etterbetaling av utvida barnetrygd for ein periode i 2016, treng du likevel ikkje kontakte NAV. I desse sakene etterrapporterer NAV opplysningar om talet på månader med heil/delt utvida barnetrygd i 2016 og fastsetting av særfrådraget blir retta automatisk ved skatteberekninga.

Har du andre opplysningar, kan du føre desse opp i post 5.0.

Korleis blir det rekna ut?

Avhengig av om du har åleineomsorg for barnet eller barnet har delt bustad og du har heil eller halv utvida barnetrygd, får du fullt eller halvt særfrådrag. Dette blir rekna ut månad for månad og lagt saman for å få det totale særfrådraget ditt.

Døme:

Du har fått heil utvida barnetrygd i 4 månader frå NAV. Då er særfrådraget 4 317 kroner per månad x 4 månader med barnetrygd = 17 268 kroner i særfrådrag.

Logg inn, og fyll ut posten.

Påkreva skjema

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på utvida barnetrygd du har teke imot, når det utrekna særfrådraget er rett.

Ved endring av særfrådraget: Når du har fått dokumentasjon frå NAV om endring av opplysningar om talet på månader med heil/delt utvida barnetrygd, kan du skanne og leggje denne ved skattemeldinga når du leverer elektronisk.

Treng du hjelp? Chat med oss

Vi kan hjelpe deg med spørsmål om skattemeldinga.

Start chat med oss

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.