4.1.1 Renteinntektar/innskot i innanlandsk bank

Post 4.1.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du og barna dine under 17 år ved utgangen av inntektsåret har i innskot i norske bankar per 31. desember. Innskot som høyrer til barn under 17 år, blir fordelte med ein halvpart på kvar av foreldra når dei bur saman. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som:

  • har bankinnskot i norske bankar
  • er foreldre til barn som er under 17 år ved utgangen av inntektsåret, og som har bankinnskot i norske bankar

Fosterforeldre

Dersom du er fosterforelder og ikkje tek imot godtgjersle, gjeld det også deg.

Dersom du ikkje bur saman med mora/faren til barnet

Dersom foreldra ikkje bur saman, er det den barnet bur hos (ifølgje Folkeregisteret) ved utgangen av inntektsåret, som skal føre opp innskotet.

Dersom du har barnet buande hos deg og er gift, blir barnet sitt innskot fordelt mellom deg og ektefellen din. Ektefellen din, som ikkje er den biologiske faren eller mora til barnet, kan føre heile innskotet over på deg.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med innskotet ditt per 31. desember. Beløpa baserer seg på kva banken/bankane har rapportert inn, så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå banken/bankane i januar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte banken for at årsoppgåva skal bli rett.

Informasjon manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre opp namnet på banken, storleiken på innskotet, renteinntekter og årsaka til at du endrar posten.

Fordeling av innskot mellom medeigarar

Sjølv om du har felles bankkonto med andre, blir det berre rapportert inn frå banken på éin person. De fordeler innskotet etter eigardel, men begge partar må endre slik at totalen blir den same. Du må endre eller leggje til informasjon om namnet på banken, storleiken på innskotet, renteinntektene og årsaka til at du endrar posten.

Fordeling av innskot mellom ektefellar og sambuarar

Ektefellar og sambuarar kan fordele innskot fritt mellom seg, men det har sjeldan noko å seie, fordi negativ formue hos den eine blir overført til den andre dersom vedkomande har positiv formue. Dersom de ønskjer å endre fordelinga, må begge endre i skattemeldinga.

Barn sine bankinnskot

Har du barn som er under 17 år og barnet har bankkonto, står barnet sitt bankinnskot oppført med halvparten på kvar av foreldra når foreldra bur saman ved utgangen av inntektsåret. Foreldra kan fordele det fritt mellom seg.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.