4.1.4 Skattepliktig formue av partar i verdipapirfond

Post 4.1.4 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Posten er førehandsutfylt med opplysningar om formue verdipapirfond (norske og utenlandske) som Skatteetaten har teke imot frå forvaltingsselskapa. Formue av partar i norske og utanlandske verdipapirfond i 2016 som ikkje er førehandsutfylt, må du føre opp sjølv.

Formuesverdien er rekna ut på grunnlag av partsverdien per 1. januar 2017. Partar i norske verdipapirfond blir verdsette til 100 prosent av partsverdien per 1. januar 2017.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som:

  • har ein part i verdipapirfond
  • er foreldre til barn som er under 17 år ved utgangen av inntektsåret, og som har partar i verdipapirfond

Fosterforeldre

Dersom du er fosterforelder og ikkje tek imot godtgjersle, gjeld det også deg.

Dersom du ikkje bur saman med mora/faren til barnet

Dersom de foreldre ikkje bur saman, er det den barnet bur hos (ifølgje Folkeregisteret) ved utgangen av inntektsåret, som skal føre opp parten.

Dersom du har barnet buande hos deg og er gift, blir barnet sin part fordelt mellom deg og ektefellen din. Ektefellen din, som ikkje er den biologiske faren eller mora til barnet, kan føre heile parten over på deg.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt førehandsutfylt med parten din per 31. desember. Beløpet baserer seg på kva forvaltingsselskapet/-selskapa har rapportert inn, så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå forvaltingsselskapet i januar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte forvaltingsselskapet for at årsoppgåva skal bli rett.

Informasjon manglar

Formue av partar i norske og utanlandske verdipapirfond som ikkje er førehandsutfylt, må du føre opp sjølv.

Barn sin part i verdipapirfond

Har du barn som er under 17 år ved utgangen av inntektsåret, og som har partar i verdipapirfond, står parten/partane oppført med halvparten på kvar av foreldra når foreldra bur saman ved utgangen av inntektsåret. Foreldra kan fordele det fritt mellom seg.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.