4.1.6 Uteståande fordringar (i Noreg)

Post 4.1.6 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du fordringar som lån til vener og familie, krav på forfalle lønn, underhaldsbidrag du har til gode, og/eller forskot du har betalt på ei motyting du enno ikkje har teke imot per 31. desember.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld deg som har noko av dette:

  • uteståande lån til eller fordring på personar eller selskap per 31. desember
  • krav om ei motyting per 31. desember som du har betalt for på forskot
  • underhaldsbidrag til gode per 31. desember

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Dersom det til dømes gjeld krav på forfalle lønn, er posten normalt fylt ut med det som er rapportert inn frå arbeidsgivar, så kontroller at det er rett.

Privat lån

Fordringar av meir privat karakter, til dømes lån til familie, kjem ikkje til å vere rapportert inn, uansett om du har gitt det opp på skattekortet eller tidlegare år, og du må derfor leggje det til. I posten fører du summen per 31. desember, namnet på den som har lånt pengar, og adressa til vedkomande. Dette må du gjere kvart år i skattemeldinga. Private lån er ein del av formuen din, fordi du har dei pengane uteståande. Dersom du får renter på lånet, fører du opp rentene i post 3.1.

Gi beskjed til den som har lånt pengar, om at vedkomande òg må hugse å føre opp lånet i post 4.8.1.

Verdi

Er fordringa i utanlandsk valuta, skal fordringa verdsetjast ut frå valutakursen per 31. desember. Gjeld det sikre fordringar som pantobligasjonar, gjeldsbrev og liknande, skal dette verdsetjast til pålydande. Gjeld det usikre fordringar, skal dei verdsetjast skjønnsmessig uavhengig av eventuelle nedskrivingar.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Du må kunne dokumentere fordringa med kopi av gjeldsbrev / avtalen mellom lånetakar og utlånar dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.