4.1.7 Formuesverdi av norske aksjar, eigekapitalbevis, obligasjonar o.l. registrert i Verdipapirsentralen (VPS)

Post 4.1.7 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser verdien av aksjar og obligasjonar i Verdipapirsentralen (VPS) per 31. desember. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har skattepliktig formue i form av:

  • aksjar, børsnoterte og ikkje-børsnoterte i Verdipapirsentralen (VPS)
  • obligasjonar
  • kapitalforsikring
  • eigenkapitalbevis
  • opsjonar (blir ikkje fylt ut automatisk)

Satsar og nøkkeltal

Børsnoterte aksjar

Verdien av børsnoterte aksjar skal setjast til børsverdien per 1. januar i 2017. Dersom selskapet er notert både på norsk og utanlandsk børs, skal den norske verdien brukast.

Ikkje-børsnoterte aksjar

Verdien av aksjar i norske ikkje-børsnoterte selskap skal setjast til verdien av aksjane sin del av formuesverdien til selskapet per 1. januar 2016. Dersom selskapet er stifta i 2016, skal verdien av aksjane setjast til summen av aksjane sin pålydande og eventuell overkurs.

Eigenkapitalbevis

Verdien av eigenkapitalbevis skal setjast til verdien per 1. januar 2017.

Norske obligasjonar

Verdien av obligasjonar skal setjast til fordringa sin pålydande per 1. januar 2017 eller til pårekna salsverdi dersom kursen ikkje er notert.

Norske opsjonar

Verdien av børsnoterte opsjonar skal setjast til børsverdien per 1. januar i 2017. Verdien av ikkje-børsnoterte opsjonar skal setjast til pårekna salsverdi per 1. januar i 2017.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med formuesverdien av aksjar, obligasjonar og liknande som er registrert i Verdipapirsentralen (VPS). Beløpet baserer seg på kva VPS har rapportert inn, så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får i januar.

Formuesverdien av andre norske aksjar fører du i post 4.1.8. Partar i norske aksjefond fører du i post 4.1.4.

Informasjon om aksjar og eigenkapitalbevis manglar

Dersom du eig aksjar, eigenkapitalbevis eller opsjonar som er registrerte i VPS, og som ikkje allereie er fylt ut i skattemeldinga, må du fylle ut posten med:

  • verdipapirnummeret i VPS

  • formuesverdien

Informasjon om obligasjonar manglar

Dersom du eig obligasjonar som er registrerte i VPS, og som ikkje allereie er fylt ut i skattemeldinga, må du fylle ut posten med:

  • namnet på obligasjonen

  • talet på obligasjonar

  • formuesverdi per obligasjon

  • verdipapirnummeret i VPS

  • pålydande

  • renteinntekter

  • formuesverdien

Renteinntekter av part i obligasjonsfond fører du i post 3.1.2.

Logg inn, og fyll ut posten.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.