4.1.8 Formue på aksjar (RF-1088) og verdipapir ikkje i Verdipapirsentralen (VPS) (RF-1059)

Post 4.1.8 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser formue i form av aksjar og andre verdipapir som ikkje er registrerte i Verdipapirsentralen

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har:

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Norske aksjar frå RF-1088 Aksjar og eigenkapitalbevis

Denne posten er normalt fylt ut med formuesverdien på aksjar frå norske aksjeselskap som ikkje er registrerte i Verdipapirsentralen (VPS), og som du har teke imot RF-1088 for. Aksjane skal verdsetjast til den skattemessige formuesverdien 1. januar 2016.

Er beløpet feil eller det står «ukjent» i RF-1088, må du føre rett formuesverdi i post 4.1.8 i skattemeldinga. Dersom det står «ukjent» i RF-1088 og du ikkje kjenner formuesverdien, bør du kontakte selskapet for å få denne.

Aksjar som er registrerte i VPS, fører du i post 4.1.7.

Norske obligasjonar ikkje registrerte i Verdipapirsentralen (VPS)

For norske obligasjonar som ikkje er registrerte i VPS, fører du opp partsverdien per 1. januar 2017. Dersom du ikkje kjenner partsverdien, bruker du pårekna salsverdi. Gi opp utferdar, talet på obligasjonar og obligasjonen sin pålydande.

Norske opsjonar

Norske opsjonar fører du opp med pårekna salsverdi per 1. januar 2016.

Norske aksjar som ikkje står i RF-1088

Du gir opp formuesverdien på norske aksjar som ikkje står oppførte i RF-1088, og som heller ikkje er registrerte i VPS. Formuesverdien får du frå aksjeselskapet. Verdien av aksjar i norske ikkje-børsnoterte selskap skal setjast til verdien av aksjane sin del av formuesverdien til selskapet per 1. januar 2016.

Dersom selskapet er stifta i 2016, skal verdien av aksjane setjast til summen av aksjane sin pålydande og eventuell overkurs.

Partar i verdipapirfond fører du i post 4.1.4.

Opsjonar i arbeidsforhold

Verdien av vilkårsfrie norske opsjonar i arbeidsforhold er skattepliktig formue og skal førast i denne posten. Det førehandsutfylte beløpet er henta frå kode 523 i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk du får frå arbeidsgivaren din i januar. Dersom verdien på opsjonen avheng av om eit usikkert vilkår blir oppfylt, er ikkje opsjonen skattepliktig formue.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.