4.1.9 Innskot i utanlandsk bank (RF-1231)

Post 4.1.9 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du kva du og barna dine under 17 år ved utgangen av inntektsåret har i innskot i utanlandske bankar per 31. desember. Innskot som tilhøyrer barn under 17 år, blir fordelte med ein halvpart på kvar av foreldra når dei bur saman. Du bruker skjema RF-1231 Bankinnskott i utlandet til å gi opplysningar.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som:

  • har bankinnskot i utanlandske bankar
  • er foreldre til barn som er under 17 år ved utgangen av inntektsåret, og som har bankinnskot i utanlandske bankar

Fosterforeldre

Posten gjeld ikkje dersom du får fosterheimsgodtgjersle. Dersom fosterforholdet har karakter av adopsjon og du ikkje får fosterheimsgodtgjersle for barnet, gjeld posten også deg når barnet har bankinnskot i utanlandsk bank.

Dersom du ikkje bur saman med mora/faren til barnet

Dersom foreldra ikkje bur saman, er det den barnet bur hos (ifølgje Folkeregisteret) ved utgangen av inntektsåret, som skal føre opp innskotet.

Dersom du har barnet buande hos deg og er gift, blir barnet sitt innskot fordelt mellom deg og ektefellen din. Ektefellen din, som ikkje er den biologiske faren eller mora til barnet, kan føre heile innskotet over på deg.

Satsar og nøkkeltal

Verdien av innskotet skal gjerast om til norsk valuta. Bruk kjøpskursen til Norges Bank

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I denne posten fører du summen av innskota som står i RF-1231. Verdien av innskota blir gjort om til norske kroner. Bruk kjøpskursen til Norges Bank.

Når du leverer elektronisk, blir summen i post 4.1.9 automatisk overført frå RF-1231-skjemaet.

Renteinntekter skal førast i post 3.1.11.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Når du har bankinnskot i utlandet, skal du fylle ut RF-1231 og leggje det ved skattemeldinga saman med årsoppgåve frå banken/spareinstitusjonen.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.