4.2 Innbo og annan lausøyre

Postane under 4.2 Innbu og annan lausøyre gjeld formue som innbu/lausøyre, fritidsbåt, motorkøyretøy og campingvogn.

Alle postar for 4.2 i skattemeldingaSjå alle postar i skattemeldinga

  • 4.2.3 Innbu og annan lausøyre enn motorkjøretøy, campingvogn og båt med salsverdi kr 50 000

    I denne posten fører du verdien av innbu og annan lausøyre (IKKJE motorkøyretøy/campingvogn) og båt med salsverdi under 50 000 kroner. Verdien du skal føre i posten er salsverdien redusert med fribeløp på 100 000 kroner.

  • 4.2.4 Fritidsbåtar med salsverdi kroner 50 000 eller meir

    I denne posten fører du verdien av fritidsbåt som har ein salsverdi på 50 000 kroner eller meir

  • 4.2.5 Motorkøyretøy

    Eig du eit motorkøyretøy (bil, motorsykkel, moped eller snøscooter) per 31. desember, skal du føre verdien av han her. Verdien blir fastsett ut frå årsmodell og listepris. Verdien er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

  • 4.2.6 Campingvogn

    Eig du ei campingvogn per 31. desember, skal du føre verdien av denne i post 4.2.6. Verdien blir fastsett ut frå årsmodell og listepris. Verdien er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.