4.2.4 Fritidsbåtar med salsverdi kroner 50 000 eller meir

Post 4.2.4 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du verdien av fritidsbåt som har ein salsverdi på 50 000 kroner eller meir

Gjeld posten meg?

Posten gjeld dersom du eig ein fritidsbåt med ein salsverdi på 50 000 kroner eller meir per 31. desember.

Fritidsbåtar med salsverdi på under 50 000 kroner inngår i post 4.2.3.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I denne posten fører du informasjon om merke, type og formuesverdi. Formuesverdien utgjer 75 % av forsikringsverdien. Dersom båten ikkje er forsikra, utgjer formuesverdien pårekna salsverdi.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.