4.2.5 Motorkøyretøy

Post 4.2.5 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Eig du eit motorkøyretøy (bil, motorsykkel, moped eller snøscooter) per 31. desember, skal du føre verdien av han her. Verdien blir fastsett ut frå årsmodell og listepris. Verdien er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har eit motorkøyretøy registrert i namnet sitt hos Statens vegvesen. Her finn du bilprisar - listepris som ny.

Satsar og nøkkeltal

Verdisettinga skjer etter denne skalaen:

Første registreringsår Verdi av listepris som ny
2016 75%
2015 65%
2014 55%
2013 45%
2012 40%
2011 30%
2010 20%
2001-2009 15%
1987-2000 1000 kroner

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Dette feltet er fylt ut basert på informasjon vi får frå Statens vegvesen, men du må kontrollere at det er rett. Dersom informasjonen manglar eller er feil, rettar du opp i skattemeldinga og hos Statens vegvesen.

Her kan du sjå kordan du for til døme endrar formuesverdi på bilen.

Ny bil

Med ny bil må du registrere dette i posten:

  • listepris som ny

  • registreringsnummer

  • registreringsår

Verdien blir rekna ut automatisk når du leverer elektronisk.

Informasjonen manglar eller er feil

Før inn eller rett opp informasjonen som manglar. Vi tilrår at du òg seier frå til Statens vegvesen, fordi vi får opplysningane frå dei, og då blir det rett til neste år.

Veterankøyretøy

Verdien på veterankøyretøy, dvs. køyretøy som er 30 år eller eldre, er lik pårekna salsverdi.

Eig ikkje køyretøyet lenger

  • Skriv "0" i feltet Formuesverdi, eller slett heile oppføringa.

  • Gi beskjed til Statens vegvesen.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.