4.3.2 Bustad

Post 4.3.2 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Dersom du eig ein bustad per 31. desember 2016, skal du føre formuesverdien i denne posten. Formuesverdien blir fastsett årleg, basert på statistikk på omsatte bustader frå SSB og opplysingar om bustadtype bustadens storleik, byggjeår og kvar bustaden ligg. Dersom formuesverdien overstig 30 prosent av marknadsverdien på bustaden, kan du krevje nedsetjing av formuesverdien, dersom du kan dokumentere marknadsverdien. Dette gjeld primærbustaden din.

Dersom bustaden er ein sekundærbustad, må formuesverdien overstige 96 prosent av marknadsverdien før du kan krevje nedsetjing av formuesverdien.

For skilnaden mellom primær- og sekundærbustad, les her.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som:

  • eig bustad og/eller bueining i bustadselskap/fleirbustadselskap per 31. desember
  • har kjøpt eller solgt ein bustad/bueining innan 31. desember, men denne er tinglyst etter 31. desember
  • har kjøpt eller selt ein bustad/boeining innen 31. desember, utan at endring av eigar er tinglyst
  • eig bustad/bueining og utrekna formuesverdi overstig 30 prosent / 96 prosent av marknadsverdien på eigedomen, og marknadsverdien kan dokumenterast anten med takst/verdivurdering eller observerbar omsetningsverdi
  • har bygd bustad og fått han ferdigstilt innan 31. desember

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er som regel ferdig fylt ut i skattemeldinga, men kontroller at alt er rett.

Kjøpt ny bustad som er tinglyst etter 31. desember

I dette tilfellet er ikkje eigedomen ferdig fylt ut i skattemeldinga, og du må føre opp den aktuelle eigedomen i post 4.3.2. Du må fylle ut skjema RF-1282 og sende dette saman med skattemeldinga dersom skattemeldinga leveres på papir. Dersom skattemeldinga leveres elektronisk og du har fylt ut alle bustaddata i 4.3.2, treng du ikkje levere RF-1282.

Selt bustad som er tinglyst etter 31. desember

I dette tilfellet er eigedomen ferdig fylt ut, og du må sjølv slette den aktuelle eigedomen i post 4.3.2.

Kjøpt/selt bustad – utan tinglysing

Dersom endring av eigar ikkje er tinglyst må du sende inn salskontrakt på eigarskiftet til skattemyndighetene for å endre reell eigar i vårt register. Opplysningar om eigarforhold m.m. registrert i vårt eigedomsregister brukast ved utfylling av skattemeldinga. Les meir om dette her.

Byggje ny bustad

Dersom du byggjer ny bustad, kjem normalt ikkje eigedomen til å vere ferdig fylt ut som bustad i skattemeldingen, men kanskje stå som tomt framleis. I det inntektsår huset står ferdig nå du føre opp den aktuelle eigedomen i post 4.3.2 og slette han dersom han står som tomt i post 4.3.5.

Du må fylle ut skjema RF-1282 når bustaden er ferdig, og sende dette saman med skattemeldinga dersom skattemeldinga leveres på papir. Dersom skattemeldinga leveres elektronisk og du har fylt ut alle bustaddata i 4.3.2, treng du ikkje levere RF-1282.

Bueining i bustadselskap

Dersom du eig ei bueining i eit bustadselskap, er post 4.3.2 normalt ferdig fylt ut med ein formuesverdi og informasjon gitt frå bustadselskapet, så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i årsoppgåva du får frå bustadselskapet i januar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør også ta kontakt med bustadselskapet for at årsoppgåva skal bli rett.

Bustaden manglar i skattemeldinga

Dersom bustaden ikkje står oppført i skattemeldinga, må du føre han opp sjølv. Du må gi opp primærareal/buareal, bustadtype, byggjeår og adressa til eigedomen. Informasjonen varierer avhengig av om det er ein bustad, bueining i bustadselskap eller bueining i fleirbustadbygning. Når du leverer elektronisk, blir verdien rekna ut automatisk når du fører inn den aktuelle informasjonen.

Du må fylle ut skjema RF-1282 når bustaden er ferdig, og sende dette saman med skattemeldinga dersom skattemeldinga leveres på papir. Dersom skattemeldinga leveres elektronisk og du har fylt ut alle bustaddata i 4.3.2, treng du ikkje levere RF-1282.

Bustad i burettslag med prisregulering

Dersom du har bustad i bustadselskap med vedtektsbestemt makspris, skal du leggje denne prisen inkludert del av fellesgjeld til grunn som samanlikningsgrunnlag i forhold til grensen for maksimal formuesverdi på 30/96 % av marknadsverdien.

Feil formuesverdi i forhold til marknadsverdien

Dersom du meiner at formuesverdien på din primærbustad overstig 30 prosent av marknadsverdien eller for sekundærbustad overstig 96 prosent av marknadsverdien, kan du krevje formuesverdien nedsatt når du leverer skattemeldinga. Du må kunne dokumentere bustadens marknadsverdi.

Bruk bustadkulatoren for å rekne ut bustadens formuesverdi

Feil informasjon

Dersom informasjonen er feil, må du rette han opp ved å velje "Endre" og deretter leggje inn rett informasjon. Du må òg gi opp årsaka til at du har endra informasjon (endra bustaddata, eigedomen er noko anna enn bustad, feil i eigardel, eig ikkje bustaden lenger, fordeling mellom ektefellar/sambuarar eller har dokumentasjon på marknadsverdi).

Feil registrering av primær-/sekundærbustad

Dersom bustaden er registrert som sekundærbustad, men faktisk er primærbustad, kan det kome av fleire ting:

  • Du er registrert med feil adresse i Folkeregisteret.

  • Dersom du har flytta i løpet av året, kan det hende at opplysningane ikkje er oppdaterte enno.

  • Eldre på aldersheim kan få registrert bustaden som sekundærbustad.

Dersom det er feil registrert, kan du endre det sjølv i skattemeldinga.

Logg inn, og fyll ut posten.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.