4.3.3 Fritidseigedom

Post 4.3.3 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Dersom du eig ein fritidseigedom per 31. desember 2016, skal du føre formuesverdien av eigedomen i denne posten. Formuesverdien blir fastsett ut frå tidlegare formuesverdi på eigedomen, kostpris ved nyoppført bygg eller omsetningsverdi/kjøpesum.

I skattemeldinga for inntektsåret 2016 skal formuesverdien på fritidseigedom ikkje justeres opp. Formuesverdien skal ikkje overstige 30 prosent av marknadsverdien på eigedomen.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som:

  • eig ein fritidseigedom eller ein del i fritidsbustadselskap per 31. desember
  • har selt eller kjøpt ein fritidseigedom innan 31. desember, men denne er tinglyst etter 31. desember
  • eig ein fritidseigedom eller ein del i fritidsbustadselskap og utrekna formuesverdi overstig 30 prosent av marknadsverdien på eigedomen.

Fritidseigedom er ikkje det same som sekundærbustad. Sekundærbustad skal førast i post 4.3.2. Om eigedomen er ein fritidseigedom eller sekundærbustad, kjem an på kva som står i matrikkelen, og ikkje på korleis eigedomen blir brukt. For meir informasjon om skilnaden mellom fritidseigedom og sekundærbustad, les her.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Som regel er posten ferdig fylt ut i skattemeldinga, men kontroller at alt er rett.

Del i fritidsbustadselskap

Dersom du eig ein del i eit fritidsbustadselskap, er posten normalt ferdig fylt ut med verdi og informasjon frå bustadselskapet, så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå bustadselskapet i januar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte bustadselskapet for at årsoppgåva skal bli rett.

Eigedomen manglar i skattemeldinga

Dersom eigedomen ikkje står oppført i skattemeldinga, må du sjølv føre han opp. Du må gi opp mellom anna gnr., bnr., festenr., seksjonsnr., kommune, eigardel i prosent og formuesverdi. Dersom du eig ein del i eit fritidsbustadselskap, må du gi opp kommune, namn på bustadselskapet, organisasjonsnummer med meir.

Formuesverdien skal svare til anten:

- Tidlegare fastsett formuesverdi, justert for prosentvis auke/nedsetjing for året. For fritidseigedomar skal ein ikkje gjere noko generell oppjustering av formuesverdien frå 2014 til 2016. Formuesverdi som følgjer av skatteoppgjeret 2014 kan difor leggjast ujustert til grunn også for inntektsåret 2016, eller
- Ved nybygg, vesentlege påkostnader o.a. skal formuesverdien fastsetjast i samsvar med nivået elles i kommunen for eigedomar som kan samanliknast. Formuesverdien for nyoppførte fritidsbustader skal ikkje setjast til høgare enn 30 prosent av verdien på tomta pluss byggjekostnader, eller
- maksimalt 30 prosent av dokumentert omsetningsverdi.

Formuesverdien er anten:

  • Tidlegare fastsett formuesverdi, justert for prosentvis auke/nedsetjing for året.

  • Er eigedomen ny, er formuesverdien 30 prosent av verdien på tomta pluss byggjekostnader,

  • Eller dokumentert omsetningsverdi.

Når du leverer skattemeldinga elektronisk, blir formuesverdien rekna ut automatisk når du fører inn den aktuelle informasjonen.

Eg eig ikkje eigedomen lenger

Dersom du har selt eigedomen i inntektsåret 2016, men han framleis står oppført i skattemeldinga, slettar du eigedomen i posten og gir opplysningar om ny eigar.

Feil formuesverdi i forhold til marknadsverdien

Dersom du meiner at formuesverdien overstig 30 prosent av marknadsverdien, endrar du formuesverdien i posten.

Feil informasjon

Dersom fritidseigedomen har feil informasjon, må du rette han opp ved å velje "Endre" og deretter leggje inn rett informasjon. Du må òg gi opp årsaka til endringa (overført til ektefelle/sambuar, ny fritidsbustad eller anna årsak).

Fritidseigedom under bygging

Dersom eigedomen ikkje er ferdig bygd, blir formuesverdien sett til 80 prosent av tomtas marknadsverdi. Når eigedomen er ferdig, skal formuesverdien setjast til 30 prosent av eigedomens kostpris inkludert grunn eller 30 prosent av eigedomens marknadsverdi.

Påkostingar

Dersom du har påkosta, det vil seie heva standarden på, fritidseigedomen, må du opplyse om dette.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom du endrar formuesverdien, fordi du meiner han er for høg i forhold til marknadsverdien, må du kunne dokumentere marknadsverdien anten gjennom takst/eigedomsmeklar eller observerbar omsetningsverdi av nyare dato dersom vi spør.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.