4.3.5 Annan fast eigedom

Post 4.3.5 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Dersom du eig ein annan fast eigedom per 31. desember 2016, skal du føre formuesverdien i denne posten. Med annan fast eigedom meiner vi tomt, næringseigedom, gardsbruk eller annan fast eigedom med eller utan skattepliktig avkastning. Formuesverdien blir fastsett anten ut frå tidlegare formuesverdi på eigedomen, kostpris ved nyoppført bygg eller omsetningsverdi/kjøpesum. Ein skal ikkje gjennomføre nokon generell auke av formuesverdiane for annan fast eigedom inntektsåret 2016. Har eigedomen derimot stige i verdi frå 1. januar 2016 på grunn av vesentlege påkostnader o.a., skal formuesverdien aukast.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som anten:

  • eig tomt per 31. desember
  • eig gardsbruk per 31. desember
  • eig norsk næringseigedom per 31. desember. RF-1098 Formue av næringseigedom skal leverast saman med skattemeldinga.
  • eig annan fast eigedom med eller utan skattepliktig avkastning, eller
  • har selt eller kjøpt ein av eigedomstypane nemnt over innan 31. desember, men denne er tinglyst etter 31. desember

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Som regel er posten ferdig fylt ut i skattemeldinga, men kontroller at alt er rett.

Gardsbruk

Verdien av jordbrukseigedom blir fastsett under eitt for driftsbygning, våningshus, føderådsbustad, jord og grunn. Ved kjøp eller overdraging av jordbrukseigedom skal den nye eigaren levere utfylt RF-1013 Kostpris for landbrukseigedom. Her kjem kostprisen på eigedomen fram. Formuesverdien skal ikkje utgjere meir enn 80 prosent av marknadsverdi eller kostpris (inkludert grunn).

Merk at det gjelder en særskilt begrensing for fastsettelse av formuesverdi på våningshus. Formuesverdien på våningshus kan maksimalt utgjøre 30 prosent av markedsverdien. Ettersom formuesverdien av våningshus på gårdsbruk inngår i den samlede formuesverdien på gårdsbruket, må total markedsverdi og formuesverdi fordeles mellom våningshus med passende arrondert tomt og resten av eiendommen. (Formuesverdien for den resterende del av eiendommen påvirkes ikke av eventuell nedsettelse av formuesverdien for våningshuset).

Ubygd tomt

Verdien av tomta blir fastsett ut frå marknadsverdi. Formuesverdien på ubygd tomt skal ikkje overstige 80 prosent av marknadsverdien på eigedomen.

Norsk næringseigedom

I post 4.3.5 fører du summen frå post 295 i skjema RF-1098. Verdien av norsk næringseigedom blir fastsett ut frå mellom anna utleigeverdien. RF-1098 skal leverast saman med skattemeldinga. Formuesverdien på næringseigedom skal ikkje overstige 96 prosent av eigedomens marknadsverdi.

Feil formuesverdi i forhold til marknadsverdien

Dersom du meiner at formuesverdien på eigedomen din (tomt, gardsbruk o.a.) overstig 80 prosent av marknadsverdien, endrar du formuesverdien i posten. Den tilsvarande grensa for næringseigedom ligg på 96 prosent av marknadsverdien.

Eg eig ikkje eigedomen lenger

Dersom du har selt eigedomen, men han framleis står oppført i skattemeldinga, slettar du eigedomen i posten.

Eigedomen manglar

Dersom eigedomen ikkje står oppført i skattemeldinga, må du føre han opp sjølv. Du må gi opp kommune, gardsnummer, bruksnummer, seksjons- og/eller festenummer, eigardel i prosent og formuesverdi.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom du endrar likningsverdien, fordi du meiner han er for høg i forhold til marknadsverdien, må du kunne dokumentere marknadsverdien anten gjennom takst/eigedomsmeklar eller observerbar omsetningsverdi av nyare dato dersom vi spør.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.