4.5 Annan formue

Postane under 4.5 Annan formue gjeld formue som premiefond til individuell pensjonsavtale, attkjøpsverdi av livsforsikringspolise og del av formue i bustadselskap/-sameige.

Alle postar for 4.5 i skattemeldingaSjå alle postar i skattemeldinga

  • 4.5.1 Premiefond, individuell pensjonsavtale (IPA)

    Denne posten viser kva du har i formue i premiefond per 31. desember. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn av den du har inngått pensjonsavtale (IPA) med. Du må kontrollere at alt er rett.

  • 4.5.2 Attkjøpsverdi av individuell livrenteforsikring

    Denne posten viser kva du har i attkjøpsverdi av livrenteforsikring per 31. desember 2016. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn av forsikringsselskapet/-selskapa eller arbeidsgivar som har betalt inn på vegner av deg. Du må kontrollere at alt er rett.

  • 4.5.3 Del av inntekt/formue i bustadselskap

    Denne posten viser kva du har i formue i samband med din del i burettslag, bustadaksjeselskapet og/eller bustadsameiget. Formuen gjeld den samla formuen til selskapet eller sameiget som skal fordelast mellom partshavarane. (Eigen bustad i bustadselskapet inngår ikkje i denne formuen, men skal bli vist i post 4.3.2 i skattemeldinga. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn av bustadselskapet eller bustadsameiget, så kontroller at alt er rett.

  • 4.5.4 Annan skattepliktig formue

    Dersom du har annan skattepliktig formue per 31. desember, fører du verdien i denne posten. Med annan skattepliktig formue meiner vi til dømes formue av kapitalisert festeavgift, rettar knytte til skog/utmark, del av selskap med deltakafastsetjing (RF-1221) og/eller NOKUS (RF-1246).