4.5.1 Premiefond, individuell pensjonsavtale (IPA)

Post 4.5.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har i formue i premiefond per 31. desember. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn av den du har inngått pensjonsavtale (IPA) med. Du må kontrollere at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har inneståande midlar i premiefond i tilknyting til individuell pensjonsavtale (IPA).

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med beløpet i premiefondet per 31. desember. Beløpet baserer seg på kva som har blitt rapportert inn av den du har inngått pensjonsordninga med. Det er viktig å kontrollere at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får i januar frå den du har inngått pensjonsordninga med.

Dersom beløpet er feil, må du endre det. Du bør òg kontakte dei du har inngått avtalen med.

Når noko manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre namnet på selskapet og formuesverdien på premiefondet i posten.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Du må kunne dokumentere endringar du har gjort i posten, med årsoppgåve frå institusjonen du har inngått avtalen med, dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.