4.5.2 Attkjøpsverdi av individuell livrenteforsikring

Post 4.5.2 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har i attkjøpsverdi av livrenteforsikring per 31. desember 2016. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn av forsikringsselskapet/-selskapa eller arbeidsgivar som har betalt inn på vegner av deg. Du må kontrollere at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har:

  • betalt inn premie til livsforsikring og/eller
  • blitt skattlagde for fordelen av at arbeidsgivar har betalt inn premie til livsforsikring

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med attkjøpsverdien av livrenteforsikring per 31. desember i inntektsåret. Beløpet baserer seg på kva som har blitt rapportert inn av forsikringsselskapet/-selskapa eller av arbeidsgivaren som har betalt inn premie på vegner av deg.

Det er viktig å kontrollere at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får i januar frå forsikringsselskapet/-selskapa eller frå arbeidsgivar som betaler på vegner av deg. Dersom beløpet er feil, må du endre det. Du bør òg kontakte forsikringsselskapet/-selskapa eller arbeidsgivaren for at årsoppgåva skal bli rett.

Når noko manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre opp formuesverdien.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Du må kunne dokumentere endringar du har gjort i posten, årsoppgåve frå forsikringsselskapet eller arbeidsgjevar dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.