4.5.3 Del av inntekt/formue i bustadselskap

Post 4.5.3 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har i formue i samband med din del i burettslag, bustadaksjeselskapet og/eller bustadsameiget. Formuen gjeld den samla formuen til selskapet eller sameiget som skal fordelast mellom partshavarane. (Eigen bustad i bustadselskapet inngår ikkje i denne formuen, men skal bli vist i post 4.3.2 i skattemeldinga. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn av bustadselskapet eller bustadsameiget, så kontroller at alt er rett.

For del av inntekt i bustadselskap/bustadsameige, sjå post 2.8.1.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som eig ein del i eit bustadselskap eller bustadsameige

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er som regel ferdig fylt ut med beløp for din del av i bustadselskapet/bustadsameiget si formue. Beløpet/beløpa baserer seg på kva som har blitt rapportert inn av bustadselskapet/bustadsameiget, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i årsoppgåva du får frå bustadselskapet/bustadsameiget i januar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg ta kontakt med bustadselskapet/bustadsameiget for at årsoppgåva skal bli rett.

Når noko manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre opp namn på selskapet/sameiget og del av formuesverdien utanom bustadene.

Fordeling mellom ektefellar / sambuarar / registrerte partnarar / sambuarar

Dersom de ønskjer å fordele inntektene mellom dykk som ektefellar / registrerte partnarar / meldepliktige sambuarar, må de begge endre i skattemeldinga. Du må endre / leggje til informasjon om bustadselskap/bustadsameige, inntekt, formue og årsak til endring.

Andre sambuarar som er ikkje-meldepliktige skal fastsetjast kvar for seg for sin del av formuen/gjelda og inntekter/frådrag, og dei kan ikkje fritt fordele til dømes inntekter mellom seg.

.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.