4.6 Skattepliktig formue i utlandet

Postane under 4.6 Skattepliktig formue i utlandet gjeld formue som fast eigedom, aksjar, uteståande fordringar, gjeldsbrev, del i verdipapirfond, kapitalforsikring og så vidare i utlandet.

Alle postar for 4.6 i skattemeldingaSjå alle postar i skattemeldinga

  • 4.6.1 Formue i fast eigedom i utlandet

    I denne posten fører du formuesverdi for og informasjon om fast eigedom i utlandet, på Svalbard og utleigd næringseigedom i utlandet. Formuesverdien skal ikkje overstige 30 prosent av eigedomens marknadsverdi.

  • 4.6.2 Annan skattepliktig formue i utlandet

    I denne posten fører du formue i utlandet som er skattepliktig til Noreg, og som ikkje skal førast i andre postar. Det gjeld utanlandske aksjar, partar i obligasjons- og pengemarknadsfond, uteståande krav, ihendehavarobligasjonar og kapitalforsikring