4.6.1 Formue i fast eigedom i utlandet

Post 4.6.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du formuesverdi for og informasjon om fast eigedom i utlandet, på Svalbard og utleigd næringseigedom i utlandet. Formuesverdien skal ikkje overstige 30 prosent av eigedomens marknadsverdi.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som:

  • eig fast eigedom i utlandet per 31. desember 2016
  • eig utleigd utanlandsk næringseigedom per 31. desember 2016 (RF-1098 Formue av næringseigedom)
  • eig fast eigedom på Svalbard per 31. desember 2016

Formuesverdi på fast eigedom som ikkje er skattepliktig til Noreg, skal òg førast her. Har du kjøpt eigedom i utlandet i 2016, må du gi opplysningar om eigedomen i denne posten.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Utleigd utanlandsk næringseigedom

I posten fører du formuesverdien gitt opp i post 280 i skjema RF-1098. Når du leverer elektronisk, blir verdien i post 4.6.1 automatisk overført frå RF-1098-skjemaet.

Fast eigedom i utlandet

I denne posten må du fylle ut informasjon om:

  • land

  • kjøpsdato

  • formuesverdien på din del

  • type eigedom (burett, eigen bustad, fritidsbustad, tomt, gardsbruk med meir)

  • salsverdi per 1. januar i norske kroner

  • valutakurs ved omrekning

  • eigardel i prosent

  • årsaka til endring

Fast eigedom på Svalbard

I denne posten må du fylle ut informasjon om:

  • type eigedom (burett, eigen bustad, fritidsbustad, tomt, gardsbruk med meir)

  • gards-, bruks-, seksjons- og festenummer

  • formuesverdi

  • eigardel i prosent

Ferdig fylt ut, men feil opplysningar

Dersom eigedomen er ferdig fylt ut, men med feil informasjon, må du føre opp ny og korrigert informasjon / velje "Endre" og leggje inn rett informasjon i post 4.6.1.

Logg inn, og fyll ut posten.

 

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.