4.6.2 Annan skattepliktig formue i utlandet

Post 4.6.2 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du formue i utlandet som er skattepliktig til Noreg, og som ikkje skal førast i andre postar. Det gjeld utanlandske aksjar, partar i obligasjons- og pengemarknadsfond, uteståande krav, ihendehavarobligasjonar og kapitalforsikring

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har skattepliktig formue i utlandet i form av:

  • verdipapir, til dømes aksjar som er registrerte i Verdipapirsentralen (VPS)
  • verdipapir, til dømes aksjar som ikkje er registrerte i VPS
  • uteståande krav på utanlandske skyldnarar
  • ihendehavarobligasjonar
  • kapitalforsikring
  • partar i obligasjons- og pengemarknadsfond
  • annan skattepliktig formue

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Du må oppgje formuen i utlandet i 4.6.2.

Du fører formuesverdien i posten. Denne oppgir du i norske kroner.

Dersom du tek imot utbyte på utanlandske verdipapir, skal du føre det i post 3.1.7.

Utanlandske verdipapirer

I posten fører du:

  • namnet på selskapet

  • talet på aksjar

  • formuesverdi per 1. januar 2017 i norske kroner

  • skatt trekt i utlandet, rekna om til norske kroner

  • valutakursen du bruker ved omrekning (bruk kjøpskursen til Norges Bank 1. januar 2017)

Dersom du tek imot utbyte på utanlandske verdipapir, skal du føre det i post 3.1.7.

 

Uteståande krav og liknande til utanlandske skyldnarar

Verdien på uteståande krav, panteobligasjonar, gjeldsbrev og liknande til utanlandske skyldnarar skal setjast til pålydande på kravet utan renter eller avkastningar.

I posten fører du:

  • namnet på den som har lånt pengane

  • beløpet du har lånt ut i norske kroner per 31. desember

  • inntekt på lånet i norske kroner

  • valutakursen du bruker ved omrekning (bruk kjøpskursen til Norges Bank 1. januar 2017)

Utanlandske obligasjonar

Utanlandske obligasjonar skal verdsetjast til kursverdien i norske kroner. Dersom det ikkje er notert kurs eller kursen er ukjend, skal du verdsetje obligasjonane til pårekna salsverdi.

I posten fører du:

  • namnet på utferdaren

  • talet på obligasjonar

  • samla verdi per 1. januar 2017 i norske kroner

  • renter i norske kroner

  • skatt trekt i utlandet, rekna om til norske kroner

  • valutakursen du bruker ved omrekning (bruk kjøpskursen til Norges Bank 1. januar 2017)

Kapitalforsikring i utlandet

Verdien av livsforsikring som er teikna som ei kapitalforsikring, skal setjast til attkjøpsverdien i norske kroner. Bruk kjøpskursen til Norges Bank 1. januar 2017 når du reknar om til norske kroner. Dersom forsikringa er utan attkjøpsverdi, skal du ikkje skatte av henne og dermed heller ikkje føre henne opp.

Annan skattepliktig formue i utlandet

I posten fører du:

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Har du betalt formuesskatt på formuen i utlandet, kan du krevje frådrag i norsk formuesskatt. Du må då huke av "Ja" for kreditfrådrag i post 1.5.6. Skjema "RF-1147 Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag" skal fyllast ut og leverast saman med skattemeldinga. Leverer du elektronisk blir skjema tilgjengeleg når du svarer "Ja" i posten.

Dersom du krev kreditfrådrag må utliknet og betalt skatt i det andre landet dokumenteres.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.