4.8 Gjeld

Postane under 4.8 Gjeld dreier seg om negativ formue, til dømes lån, kredittkjøp, restskatt, private lån, gjeld i bustadselskap/-sameige, utanlandsk gjeld, gjeldsfrådrag for festetomt, og så vidare

Alle postar for 4.8 i skattemeldingaSjå alle postar i skattemeldinga

  • 4.8.1 Innanlandsk gjeld

    Denne posten viser kva du har i gjeld til norske låneinstitusjonar eller i samband med kredittkjøp, kor mykje du skuldar i restskatt per 31. desember, og gjeldsfrådrag for festeavgift. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

  • 4.8.2 Gjeld i burettslag, bustadselskap og bustadsameige

    Denne posten viser kva du har i gjeld i samband med din del i burettslag bustadaksjeselspap og/eller bustadsameige. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn av bustadselskapet/-sameiget, så kontroller at alt er rett.

  • 4.8.3 Utanlandsk gjeld

    I denne posten fører du opp kva du har i gjeld i utlandet.