4.8.2 Gjeld i burettslag, bustadselskap og bustadsameige

Post 4.8.2 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har i gjeld i samband med din del i burettslag bustadaksjeselspap og/eller bustadsameige. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn av bustadselskapet/-sameiget, så kontroller at alt er rett.

For deleigars/bustadsameigars del av kostnader i bustadselskap, se post 3.3.4.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som eig ein part i eit bustadselskap eller eit bustadsameige.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med beløp for din del av gjelda til bustadselskapet/bustadsameiget. Beløpet/beløpa baserer seg på kva som har blitt rapportert inn av bustadselskapet/bustadsameiget, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå bustadselskapet/bustadsameiget i januar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i sjølvmeldinga. Du bør òg kontakte bustadselskapet/bustadsameiget for at årsoppgåva skal bli rett.

Når noko manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre opp namn på bustadselskapet/bustadsameiget, gjeld, gjeldsrenter og årsak til endringa.

Fordeling mellom ektefellar/sambuarar

Ektefellar/registrerte partnarar/meldepliktige sambuarar kan fordele gjelda fritt mellom seg, men begge må endre i skattemeldinga. De må endre / leggje til informasjon om namn på bustadselskapet/bustadsameiget, gjeld, gjeldsrenter og årsak til endring.

Andre sambuarar som ikkje er meldepliktige skal fastsetjes kvar for seg for si del av formue/gjeld og inntekter/frådrag, og dei kan ikkje fritt fordele for eksempel gjeld mellom seg.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.