5.0 Tilleggsopplysningar

Post 5.0 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten kan du gi tilleggsopplysningar du meiner er viktig at Skatteetaten har når dei handsamar skattemeldingen. Sensitive opplysningar som helseopplysningar skal du ikkje gi opp her, men sende i ei eiga e-postmelding til Skatteetaten.

Gjeld posten meg?

Dersom du har endra eller lagt til ein post i skattemeldinga, treng du ikkje å komme med ytterlegare kommentarar i post 5.0. Merknadar er som regel unødige og kan også føre til at du får skatteoppgjeret ditt seinere.

Men det finst nokre unnatak:

  • Post 3.2.10: Dersom du har kravd frådrag for køyring til/frå barnehage, dagmamma og/eller SFO og leverer skattemeldinga på papir. Du må gi opp avstand og talet på dagar med køyring.
  • Post 3.2.7: Du må spesifisere frådraget for kost og losji.
  • Post 3.5.5:Andre opplysningar om særfrådrag – einsleg forsørgjar

Dersom du i tillegg forsørgjer ektefelle i utlandet og ønskjer å bli likna i skatteklasse 2, må du spesifisere og grunngi dette her.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Post 5.0 er eit tekstfelt der du kan gi informasjon du meiner er viktig å ta med i skattemeldinga.

NB! Dersom du gjer endringar i post 5.0, får du truleg ikkje skatteoppgjeret før tidlegast etter sommaren.

Logg inn, og fyll ut posten

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.