Overgangsreglar i den nye skattlegginga av pensjonistar

  • Skriv ut

Finansdepartementet har fastsett forskrift om overgangsreglar for dei med låg eller middels inntekt som får ei større skattebelasting med dei nye reglane.

Føremålet er å gi ein mjukare overgang til det nye skattenivået. Overgangsreglane gjeld alle som oppfyller gitte, objektive kriterium, og dei er ikkje baserte på skjøn. Reglane inneber at det blir gitt skattereduksjon. Skattereduksjon blir gitt automatisk ved skatteoppgjeret.

Overgangsreglane gjeld for:

Skattytarar som har: 

  • krav på skattefrådrag etter dei nye reglane og 
  • har høgare kapitalutgifter enn kapitalinntekter (til dømes har høgare renteutgifter på lån enn dei har inntekt av bankinnskot eller andre kapitalinntekter) og 
  • som for inntektsåret 2010 fekk skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt. Alle dei tre kriteria må vere oppfylte 

Ektepar der: 

  • berre den eine ektefellen har krav på skatteavgrensing, skattefrådrag for pensjonsinntekt eller særfrådrag for uførleik etter sktl. § 6-81 (1) og 
  • som for inntektsåret 2010 fekk skatten utrekna under eitt etter skatteavgrensingsregelen for låg alminneleg inntekt 

Ektepar der: 

  • begge ektefellane har krav på anten skatteavgrensing eller skattefrådrag og
  • samla sett har høgare kapitalutgifter enn kapitalinntekter, og 
  • som for inntektsåret 2010 fekk skatten utrekna under eitt etter skatteavgrensingsregelen for låg alminneleg inntekt 

Utrekninga av den auka skatten

  • For ein einsleg alderspensjonist blir skatteauken rekna ut ved å samanlikne kva skatten blir etter dei nye reglane om skattefrådrag og skatten rekna ut etter reglane for einslege uføre som får uførepensjon (skatteavgrensingsregelen) 
  • For ein gift alderspensjonist blir skatteauken rekna ut ved å samanlikne kva samla skatt blir for ektefellane etter dei nye reglane om skattefrådrag, og skatten rekna ut etter reglane for gift uførepensjonist som får ektefelletillegg (skatteavgrensingsregelen)
  • For ein gift uførepensjonist som ikkje får ektefelletillegg blir skatteauken rekna ut ved å samanlikne samla skatt for ektefellane etter dei nye reglane om skatteavgrensing for desse og skatten rekna ut etter reglane for gift uførepensjonist som får ektefelletillegg (skatteavgrensingsregelen) 

Reduksjon av fastsett skatt

Inntektsåret 2011:

Etter overgangsreglane skal auka skatt som overstig 600 kroner for einslege og 1 200 kroner for ektefellar, reduserast med ein prosentdel (kompensasjonssats). 

  • Einsleg: Skattytarar som ikkje er gifte og som har bruttoinntekt under 220 000 kroner, får for 2011 redusert all skatteauke over 600 kroner som skuldast dei nye pensjonsreglane. For inntekt frå 220 000 til 440 000 kroner blir skattereduksjonen avtrappa proporsjonalt med stigande inntekt. Bruttoinntekter frå 440 000 kroner er ikkje omfatta av overgangsreglane, og gir dermed ikkje skattereduksjon. 
  • Ektepar: Ektepar som har samla bruttoinntekt under 330 000 kroner, får for 2011 redusert all skatteauke over 1 200 kroner som skuldast dei nye pensjonsreglane. For inntekt frå 330 000 kroner til 770 000 kroner blir skattereduksjonen avtrappa proporsjonalt med stigande inntekt. Bruttoinntekter frå 770 000 kroner er ikkje omfatta av overgangsreglane, og gir dermed ikkje skattereduksjon. 

Med bruttoinntekt meiner ein summen av all inntekt som inngår i alminneleg inntekt, under dette aksjeutbytte før frådrag for skjerming etter skattelova § 10-12. Tillegg etter skattelova § 10-42 inngår ikkje i brutto inntekt.

Inntektsåret 2012 og 2013: 

I 2012 og 2013 blir kompensasjonssatsen trappa gradvis ned til høvesvis 2/3 og 1/3 av kompensasjonssatsen for 2011. Overgangsreglane gjeld til og med inntektsåret 2013.

Frå og med 2014 blir alle pensjonistar skattlagt etter dei ordinære reglane. (Kompensasjonssats for einskilde utvalde nivå på bruttoinntekta for høvesvis einslege og ektepar kjem fram i proposisjon 59 S (2010-2011) om Tildelingsendringar i statsbudsjettet 2011).

Døme:

Ektepar med ei bruttoinntekt på 390 000 kroner for inntektsåret 2013 og auka skatt på 25 000 kroner vil med dette få redusert skatten med 6 902 kroner. (25 000 - 1 200 x 29 % = 6 902). Auka skatt i 2013 blir 18 098 kroner.

Einslege med ei bruttoinntekt på 250 000 kroner for inntektsåret 2013 og auka skatt på 15 000 kroner vil med dette få redusert skatten med 4 176 kroner. (15 000 - 600 x 29 % = 4 176). Auka skatt i 2013 blir 10 824 kroner.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.