Nytt i år i skattemeldinga for lønnstakarar og pensjonistar

  • Skriv ut

Sjølvmeldinga har bytt namn til Skattemelding for formues- og inntektsskatt.

I oversikta ser du kva som er nytt i skattemeldinga for formues- og inntektsskatt for inntektsåret 2016.

Inntekter og utgifter i utlandet

Pensjon frå Sverige

Pensjon frå Sverige er førehandsutfylt i skattemeldinga i post 2.2.2

Uføreytingar frå Sverige er førehandsutfylt i post 2.1.9

Nye postar i skattemeldinga

  • Post 1.5.6: Krev du frådrag for skatt betalt i utlandet (kreditfrådrag)?
  • Post 1.5.6: Krev du nedsetjing av skatt på lønn opptent under arbeidsopphald i utlandet?
  • Post 1.5.6: Krev du opphøyr av skatteplikt som busett (emigrasjon)?  Gi nærare opplysningar i post 5.0. Sjå skattetaten.no
  • Post 1.5.6: Krev du deg busett etter skatteavtale i eit anna land? Gi nærare opplysningar i post 5.0. Sjå skatteetaten.no
  • Post 1.5.6: Har du lønn frå ein internasjonal organisasjon eller Malaysia, som du krev friteken for skattlegging i Noreg? Gi nærare opplysningar i post 5.0
  • Post 1.5.6: Har medlemskapen din i norsk folketrygd opphøyrt?

Formuesverdi på bustad

  • Post 4.3.2 Formuesverdien (prosentandelen) som gjeld for sekundærbustad er endra frå 70 prosent til 80 prosent.
  • Post 4.3.3 Formuesverdien for fritidseigedomar skal ikkje oppjusterast.

Les meir om bustad her.

Gåver til frivillige organisasjonar

Ny post:

  • Post 1.5.3: Har du vore i ulønt oppdrag for ein organisasjon og teke imot pengestøtte frå frivillige bidragsytarar?

Det maksimale frådraget for gåve blir auka frå kroner 12 800 til kroner 25 000.

Rettleiing til postane

Nytt for 2016 er at rettleiinga for utanlandske arbeidstakarar og næringsdrivande ikkje blir send ut saman med skattemeldinga. Bruk "Finn post"-sidene eller tema-sidene i staden.

Busett på Svalbard

Lønnstakarar og pensjonistar busette på Svalbard får no skattemeldinga for formues- og inntektsskatt – lønnstakarar og pensjonistar o.a. 2016, på lik linje med fastlandet. Det vil seie at dei frå og med 2016 får høvet til å nytte ordninga med leveringsfritak.

1.4 - Nye postar om gjeld og gjeldsrenter på fastlandet.

Lånebeløp per 1.1.  i skattefastsettingsåret på fast eigedom i Noreg

Renter av lån i skattefastsettingsåret på fast eigedom i Noreg

Lånebeløp per 1.1. i skattefastsettingsåret på fast eigedom på Svalbard

Renter av lån i skattefastsettingsåret på fast eigedom på Svalbard

Andre nyheiter

Endra frådrag for arbeidsreiser og besøksreiser

  • Eigendelen blir auka til kroner 22 000
  • Det er framleis ei øvre grense på 75 000 km
  • Du kan få eit maksimalt frådrag på kroner 70 500 (etter at eigendelen er trekt frå). 

Besøksreiser utanfor EØS-området

  • Ny post 3.2.9: Besøksreiser til heim utanfor EØS – faktiske utgifter
  • Frådrag blir gitt etter dokumenterte utgifter, ikkje etter køyrde kilometer. Du treng ikkje sende inn dokumentasjon med mindre vi ber om det.

Etter at skatteforvaltingslova blei innført kan skattytaren delegere utfylling og levering av skattemeldinga til ein myndig person eller fullmektig. NB! Det er personen som ønskjer å delegere denne retten til andre som sjølv må logge seg inn i Altinn og gi tilgangen til andre. Retten kan delegerast til advokatar, rekneskapsførarar, revisorar og rådgivarar eller andre personar.

Verdipapirfond:

Frå og med inntektsåret 2016 gjeld det nye reglar for skattlegging av partar i verdipapirfond. Skilnaden mellom aksjefond og obligasjonsfond (rentefond) er oppheva slik at alle fond blir rekna som verdipapirfond.

Utgangspunktet er at inntekter som partseigaren har frå eit rentefond skal skattleggjast med ein sats på 25 %.

Ved inntekter frå reine aksjefond (aksjefondsutbytte/sal) gir ein skjermingsfrådrag før inntekta har ein effektiv skattesats på 28,75 %.

Når ein har inntekter frå kombinasjonsfond (fond som inneheld både aksjar og andre verdipapir) skal ein ved skattlegginga dele opp inntekta i ein renteinntektsdel og ein aksjeinntektsdel.

Formue verdipapirfond blir for inntektsåret berre ført i post 4.1.4.

For ei nærare forklaring, sjå:
http://www.skatteetaten.no/no/Person/Aksjer-og-verdipapirer/nye-regler-for-beskatning-av-andeler-i-verdipapirfond/

Andre finansielle produkt i Skattemeldinga:

Nye postar i skattemeldinga for «andre finansielle produkt» er 3.1.13 (gevinst) / 3.3.13 (tap) / 4.1.10. Desse postane nyttar ein til å rapportere gevinst, tap og formue i ulike finansielle produkt for personlege skattytarar.

Gevinst, tap og formue på ETN-ar, warrants og teikningsretter blir for inntektsåret 2016 førehandsutfylt i Skattemeldinga.

Gevinst og tap på valutalån er frå inntektsåret 2016 rapporteringspliktig frå bankane og blir førehandsutfylt i skattemeldinga.

Det er berre sjølve valutagevinsten og valutatapet som blir førehandsutfylt.


Oppjustert aksjeinntekt/-tap

Inntekter frå aksjar o.a. inngår i grunnlaget for inntekts- og formueskatt (alminneleg inntekt). Skatten på alminneleg inntekt er 25 %. Det er høgare skatt på inntekter frå aksjar o.a. (28,75 %). For å få fastsett rett skatt må inntekter frå aksjar o.a. oppjusterast med ein faktor på 1,15. Tap ved realisasjon blir oppjustert på same måte. Sjå rettleiinga til Aksjeoppgåva (RF-1088).

Postane i skattemeldinga viser beløp før oppjustering. Oppjusteringa skjer automatisk i Skatteetaten sine system, og blir vist samla før post 3.6/4.9 Sum grunnlag for inntekts- og formuesskatt.

Det er ei eiga side i skattemeldinga som viser ei oversikt over aksjeinntekter/-tap frå postane i skattemeldinga og oppjusteringsbeløpet fordelt på oppgåvegivar.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.