Inga endring = inga levering

  • Skriv ut

Har du fått skattemelding for formues- og inntektsskatt for lønnstakarar og pensjonistar og opplysningane i skattemeldinga er rette, treng du ikkje levere skattemeldinga.

Dersom opplysningane ikkje er rette eller fullstendige, må du gjere endringar og deretter levere skattemeldinga. Skal du gjere endringar, er det viktig at du bruker rett post i skattemeldinga. Vi ber om dokumentasjon dersom det er nødvendig.

Skattemeldingar for formues- og inntektsskatt som ikkje er leverte innan 30. april, blir rekna som levert med dei førehandsutfylte opplysningane som var gitt opp ved utløpet av fristen.

Lønnstakarar og pensjonistar får ikkje tilleggsskatt for ikkje levert skattemelding.

Korleis sjekkar du skattemeldinga?

  • Kontroller dette mot opplysningane i skattemeldinga: bankinnskot, gjeld, renter, lønn, foreldrefrådrag, pensjon, bustad, reisefrådrag, bil/båt, aksjar og anna som verkar inn på skatten din.
  • Har du hatt viktige endringar i den personlege økonomien din sidan i fjor? - Har du fått ny jobb, ny bustad, nytt lån eller lengre reiseveg til jobb? Eller har du blitt pendlar eller pensjonist?
  • Manglar det opplysningar? - Har du inntekter, eigedom eller lån i utlandet? Dette er opplysningar du må føre opp. Du kan òg få tilleggsskatt dersom du ikkje gir opp slike opplysningar.
  • Sjekk om du har rett til fleire frådrag. Prøv frådragsrettleiaren!

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.