Slik endrar du kontonummer for utbetalt tilgodebeløp

  • Skriv ut

Ønskjer du at pengane skal kome inn på ein annan konto enn den som er gitt opp i den siste tilsendte skattemeldinga for formues- og inntektsskatt, kan du innen 15. mai endre elektronisk.

Leverer du skattemeldinga på papir, kan du ikkje endre elektronisk, du må kontakte skatteoppkrevjaren i kommunen din.

Dersom fristen for å endre kontonummer elektronisk er gått ut, eller dersom kontonummeret du ønskjer å bruke, ikkje er registrert, kan du ringje skatteoppkrevjaren i kommunen din.

Skatteoppkrevjaren har normalt moglegheit til å endre kontonummeret fram til ei veke før datoen for skatteoppgjeret.

Endre kontonummer elektronisk

Fristen for å endre kontonummer elektronisk er 15. mai.

  • Klikk her for å logge inn i kontonummerendring
  • Når du har logga deg inn, klikkar du på Endre kontonummer eller utbetalingsmåte i menyen til høgre.
  • Deretter får du opp ei liste over kontonummer du kan velje mellom. Kontonummera på lista har Skatteetaten fått frå banken din.

Utbetaling berre til godkjende kontoar

Skatteoppkrevjaren kan ikkje setje beløpet inn på ein annan bankkonto enn ein av dei kontoane som er godkjende på førehand. Hovudregelen er at det berre er kontoar som du eig sjølv, du kan få tilbakebetalt skatt til. Dette er for å sikre at beløpet blir utbetalt til rett person. Enkelte kontoar er ikkje eigna til utbetaling av skattepengar. Det gjeld m.a. utlånskontoar, kredittkortkontoar og sperra kontoar.

Utbetalingskort

Dersom Skatteetaten ikkje har nokon bankopplysningar på deg, eller dersom du ikkje har ein eigna konto, får du tilsendt eit utbetalingskort. Dette kan du heve på postkontor og i dei fleste bankar. Dersom du ikkje ønskjer utbetalingskort til neste år og årsaka til at du har fått tilsendt utbetalingskort er at du har ein kontotype som ikkje er godkjend for utbetaling av skattepengar, må du kontakte banken og opprette ein ny konto som kan brukast.

Utbetaling til konto som ikkje lenger er i bruk

Dersom du har sagt opp kontoen og ikkje har endra konto innan fristen, prøver skatteoppkrevjaren å betale ut til den kontoen du har sagt opp. Skatteoppkrevjaren får då beskjed om at kontoen ikkje kan brukast, og kjem til å betale ut beløpet på nytt til ein annan konto som er registrert på deg, eller sende deg eit utbetalingskort.  Dette kan føre til at utbetalinga blir noko forseinka.

Ektefellar med felles konto

Mange ektefellar har felles konto. Banken registrerer likevel berre éin av ektefellane som kontoeigar. Den av ektefellane som berre har disposisjonsrett, får i utgangspunktet ikkje skattepengane sine inn på denne kontoen.

Skatteoppkrevjaren kan likevel utbetale til ein slik konto dersom ein skattpliktig ber om det og har teke med tilstrekkeleg dokumentasjon.Skatteoppkrevjaren kan endre konto for utbetaling i tilfelle der den skattpliktige har sendt ein skriftleg og underskriven førespurnad, og den skattpliktige er legitimert (gjennom rett kopi av skriftleg legitimasjon eller gjennom personleg frammøte). I tillegg må skattytaren vere innehavar av kontoen, eller ha disposisjonsrett til kontoen, og kunne dokumentere dette.

Utbetaling til utlandet

Dersom Skatteetaten ikkje har bankopplysningar på deg, og du er registrert med adresse i utlandet, kan du få eit brev frå Skatteetaten der du blir bedt om å opplyse om ein bankkonto eller stadfeste at du bur på den registrerte adressa i utlandet. Det er viktig at du les og svarar på brevet. Skatteetaten sender ikkje utbetalingskort til adresse i utlandet med mindre du har stadfesta at du bur på adressa. Har du spørsmål om dette kan du ta kontakt med skatteoppkrevjaren din.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.