Slik legg du til ein post i skattemeldinga for formues- og inntektsskatt

  • Skriv ut

Vil du til dømes leggje til frådrag for reiser mellom heimen og arbeidsstaden?

  1. Trykk først på knappen Levere skattemeldinga.
  2. Finn den aktuelle posten. I dette tilfellet er det Frådrag i tilknyting til arbeidsinntekt, men den same framgangsmåten gjeld for alle postar du vil leggje til. Klikk Endre.
  3. For å leggje til ein post, må du først velje ein underkategori. Her; Frådrag for reise mellom heim og fast arbeidsstad. Trykk Legg til.
  4. Fyll inn talet på reisedagar – ein fulltidsjobb svarer til 230 dagar per år. Jobbar du deltid, reduserer du talet på reiser tilsvarande.
  5. Fyll inn talet på kilometer du reiser per dag tur/retur. Uansett korleis du faktisk reiser; set opp den kortaste strekninga langs bilveg eller med tog og trikk. Ikkje i luftlinje.
  6. Vel årsaka til endringa.
  7. Og klikk OK.
  8. No har du oppretta ein ny post, og kan gå tilbake til oversikta ved å klikke Lagre. Har du ikkje fleire postar å leggje til eller endre, kan du levere skattemeldinga.

Verre er det ikkje! Eller kva meiner du?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.