Endre skattemeldinga

  • Skriv ut

Du må logge inn for å endre eller leggje til nye postar.

Slik finn du skattemeldinga di:

  1. Logg inn. Her finn du hjelp til å logge inn.
  2. Når du kjem inn i Altinn, kjem du direkte til Min meldingsboks. Her finn du den førehandsutfylte skattemeldinga, RF-1030.

Slik endrar du postar:

  1. Dersom du kjenner postnummeret i skattemeldinga, går du direkte til posten du vil endre. Sjå Finn post for ei oversikt over postar.
  2. På lina for posten trykkjer du Endre. Då kjem det eit nytt skjermbilete med den aktuelle posten.
  3. Trykk Endre ein gong til for å gå inn på opplysningane som er oppgitt på posten.
  4. Når du har utført endringa, trykkjer du OK, og deretter knappen Lagre / Tilbake til oversikta.

Sjå eksempel på endring av post i skattemeldinga.

Slik legg du til nye postar:

  1. Søk opp postnummeret i søkjefeltet Gå direkte til post. Dersom du er usikker på kva for nummer på posten du skal bruke, kan du søke i Finn post.
  2. Bruk nedtrekkslista for å finne rett post. Trykk på Legg til. Då kjem det opp eit eige vindauge.
  3. For enkelte postar må du gi nærmare opplysningar i eigne skjema. Skjemaa blir tilgjengelege når du legg til ein post som krev skjema, og dei blir automatisk sende inn saman med skattemeldinga di.
  4. Etter at du har fylt inn posten trykkjer du OK og deretter knappen Lagre / Tilbake til oversikta for å lagre.

Slik endrar du på papir

Dersom du ikkje kan levere skattemeldinga elektronisk, får du ikkje skatteoppgjeret før tidlegast august.

  • Beløp som er førehandsutfylte, og som du meiner er feil, rettar du ved å setje ein strek over talet og føre rett beløp i kolonnen «retta til». 
  • Frådrag, inntekt, formue og gjeld som ikkje er førehandsutfylt, må du føre opp sjølv under posten Beløp som ikkje er fylt ut på førehand. Du må då oppgi kva post beløpet høyrer til.
  • Frådrags­ og gjeldsbeløp fører du opp med minusteikn, mens inntekts­ og formuepostar fører du utan forteikn.

Postadressa for å levere skattemelding på papir:

Skatteetaten
Postboks 4305
8608 Mo i Rana 

Frist

Fristen for å levere skattemeldinga var 30. april, men du kan framleis gjere endringer og levere om du har fått utsett frist, eller om du finn feil eller har motteke nye eller forsinka oppgåver.

Det er den siste leverte skattemeldinga som gjeld.

Treng du hjelp? Chat med oss

Vi kan hjelpe deg med spørsmål om skattemeldinga.

Start chat med oss

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.