Skattemeldinga (sjølvmeldinga) - trinn for trinn

  • Skriv ut

Sjølvmelding - kva er det?

Denne vegvisaren gir deg hjelp og informasjon om korleis du kan sjekke skattemeldinga. Følg punkta. Hugs! Du må logge inn i Altinn for å sjekke/gjere endringar på di skattemelding.

I mars/april får alle som tek imot lønn, pensjon eller uføretrygd, ei skattemelding  frå Skatteetaten.

Skattemeldinga er ei oversikt over inntektene dine, frådrag, formue og gjeld det siste inntektsåret.

For å vere sikker på at du ikkje betaler for mykje skatt, må du sjekke at opplysningane i skattemeldinga er rette.

Når du har sjekka, er det to måtar å levere på:

  1. Dersom alle opplysningane er rette, treng du ikkje gjere noko. Inga endring = inga levering. Har du eit enkeltpersonføretak, må du levere skattemeldinga.
  2. Har du endringar, er fristen for å endre og levere skattemeldinga 30. april. Dette gjer du i Altinn. Vi etterspør dokumentasjon. Ikkje send inn vedlegg.

Treng du hjelp til pålogging?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.