Skattemeldinga (sjølvmeldinga) - trinn for trinn

  • Skriv ut

Sjekk opplysningane

Når du har fått skattemeldinga frå oss, må du gjere dette:

  • Sjekke at det som er fylt ut om lønn og kor mykje du har betalt i skatt, er rett. Dette sjekkar du ved å samanlikne beløpa i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk du får frå arbeidsgivaren din, med tala i skattemeldinga (sjølvmeldinga).
  • Sjekke at det som er fylt inn om pensjon eller uføretrygd, er rett. Oversikta får du frå NAV eller andre du eventuelt tek imot pensjon eller trygd frå.
  • Sjekke at gjeld og formue som er fylt inn, stemmer. Tala hentar vi frå dei du hargjeld eller formue hos.
  • Logg inn i Altinn for å sjekke opplysningane dine (du må vere registrert brukar).
  • Dersom alle opplysningane er rette og du ikkje har nokon endringar, treng du ikkje gjere noko.
  • Har du endringar, er fristen for å endre og levere skattemeldinga 30. april. Du gjer endringane i Altinn

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.