Lever på papir

  • Skriv ut

Dersom du må levere skattemeldinga for formues- og inntektsskatt på papir, får du ikkje skatteoppgjeret før tidlegast i august. Har du mottatt skattemelding for formues- og inntektsskatt - personleg næringsdrivande mv må du levere skattemeldinga elektronisk.

Skal du levere på papir og ønskjer å endre ein av dei førehandsutfylte postane, set du ein strek over beløpet du ønskjer å korrigere og fører korrekt beløp i kolonnen "Retta til".

Postar som du ønskjer å leggje til fører du opp under avsnittet "Beløp som ikkje er fylt ut på førehand, fører du her". Her skriv du inn post-nummer, tekst og beløp. Dersom du ikkje veit kva nummer posten er, kan du få hjelp i Finn post.

Hugs at frådrags-/gjeldspostar skal førast med minusteikn og inntekts-/formuespostar skal førast utan forteikn.

Send skattemeldinga for formues- og inntektsskatt til:

Skatteetaten
Postboks 4305
8608 Mo i Rana

Fristen er 30. april.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.