Andre køyretøy

  • Skriv ut

Andre køyretøy som til døme bobilar, motorsyklar, mopedar, campingvogner og snøskuterar blir verdsette med utgangspunkt i listeprisen på køyretøyet som ny hos hovudimportøren/forhandlaren. 

Køyretøya dine står normalt oppført i skattemeldinga i post 4.2.5. Du må sjekka at det som står der er riktig.

Slik gjer du det:

  1. Kontakt hovudimportøren/forhandlaren dersom du må ha tak i listepris på ditt køyretøy (motorsykel, moped, snøscooter og så vidare)
  2. Rekn ut verdi basert på første registreringsår og prosent av listepris som ny.

 

Første registreringsår Verdi av listepris som ny
2016 75 %
2015 65 %
2014 55 %
2013 45 %
2012 40 %
2011 30 %
2010 20 %
2001-2009 15 %
1987-2000 1000 kroner

Viss informasjonen manglar eller er feil, rettar du det i post 4.2.5.Veterankøyretøy, dvs. køyretøy som er 30 år eller eldre, skal verdsetjast til pårekna salsverdi.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.