Kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar

Pensjonar og uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg til personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg, er skattepliktige i Noreg. Dette inneber at du er skattepliktig for norsk pensjon og norske uføreytingar, sjølv om du skattemessig har emigrert frå Noreg eller aldri har budd i Noreg. Skatten er 15 prosent av brutto pensjon/uføreytingar.

Kjeldeskatten på pensjon og uføreytingar omfattar:

  • pensjon frå folketrygda
  • offentlege tenestepensjonar
  • private tenestepensjonar
  • andre private pensjonar
  • uføretrygd frå folketrygda
  • uføreytingar frå andre ordningar

Den som betalar ut pensjonen/uføreytinga, skal trekkje 15 prosent skatt av brutto pensjon/uføreytingar.

Det gjeld nokre unntak frå skatteplikta:

  • Du skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar når du ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda.
  • Du kan ha krav på heilt eller delvis skattefritak etter skatteavtalen med det landet der du er busett.

Du kan ha krav på ein lågare skatt enn 15 prosent når du bur i eit EU/EØS-land og minst 90 prosent av inntekta di er skattepliktig i Noreg.

Om pensjonen/uføreytinga er skattepliktig både i Noreg og i det landet der du er busett, er det busettingslandet som skal sørgje for at du ikkje blir dobbelt skattlagd.

Det skal ikkje betalast kjeldeskatt på barnepensjon til barn under 17 år.