Personar som ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning og som har private pensjonar/uføreytingar eller krigspensjon

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, er du ikkje skattepliktig i Noreg for pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar. Du er heller ikkje skattepliktig for krigspensjon.

Du må sjølv kontakte den som utbetalar den private pensjonen/uføreytinga, og gjere merksam på at du meiner at den ikkje er skattepliktig til Noreg.Får du krigspensjon, må du vende deg til Skatteetaten.

Får du berre krigspensjon, kan du søkje om frikort. Får du også alderspensjon, kan du søkje om eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent. Du må då dokumentera kor stor del av pensjonen som er krigspensjon.