Skattemelding

Personar som kjem inn under reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar, vil få tilsendt ei skattemelding i april i året etter inntektsåret.

Meiner du at heile eller delar av pensjonen/uføreytinga er skattefri i Noreg etter reglane i skatteavtalen med det landet der du er busett, må du endre det beløpet som står i skattemeldinga og gje opp kva for beløp som er skattepliktig i Noreg. Er heile pensjonen/uføreytinga skattefri i Noreg må du endre beløpet til kroner 0.

Dette gjeld òg dersom du har hatt frikort eller skattekort med lågare skattetrekk enn 15 prosent.

Skatteetaten kan krevje at du sender inn ein bustadsattest (Certificate of Residence) frå skattestyresmaktene i bustadslandet ditt som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett der etter skatteavtalen med Noreg. Skatteetaten kan også krevje at du sender inn annen dokumentasjon når det berre er visse typar pensjoner/uføreytingar som er skattefrie, eller det er andre vilkår for skattefritak.

Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april i året etter inntektsåret.

Om du ikkje leverer skattemeldinga, blir den rekna som levert med dei førehandsutfylte opplysningane. Det vil då bli fastsatt 15 prosent skatt på pensjonen/uføreytinga.

Har du ikkje fått skattemeldinga innan 15. april, kan du ta kontakt med Skatt nord.