Skatteavtalar

Noreg har skatteavtalar med ei rekkje land. Desse avtalane regulerer om pensjon og uføreytingar frå Noreg skal skattleggjast i Noreg eller ikkje.

Etter nokre skatteavtalar er alle pensjonar og uføreytingar som blir betalte ut frå Noreg, skattepliktige i Noreg.

Etter andre skatteavtalar er alle eller visse typar pensjonar og uføreytingar skattefrie i Noreg. Dersom du kan dokumentere at du er skattepliktig som busett i eit av desse landa, kan du

  • søkje om frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent slik at du blir trekt riktig skatt ved utbetalinga av din pensjon eller uføreyting
  • opplyse i skattemeldinga kor stor del av pensjonen eller uføreytinga frå Noreg som er skattepliktig i Norge

Skatteavtalane sine reglar om pensjon gjeld i utgangspunktet ikkje for uføretrygd og andre uføreytingar. Det kan derfor være andre reglar i skatteavtalen som regulerer om uføretrygd og andre uføreytingar skal skattleggjast i Noreg.

Nokre av dei mest aktuelle skatteavtalane er omtala nedanfor. Informasjonen gjeld skattlegginga av pensjon og uføreytingar for inntektsåret 2017. Det ligg meir informasjon om einskilde land her.

Argentina, Brasil, Canada, Filippinane, Hellas og Indonesia

Dersom du bur i Argentina, Brasil, Canada, Filippinane, Hellas eller Indonesia, er alle pensjonar og uføreytingar som blir betalte ut frå Noreg skattepliktige i Noreg.

Estland, Irland, Kroatia, Latvia, Litauen, Marokko, Russland og Spania

Dersom du bur i Estland, Irland, Kroatia, Latvia, Litauen, Marokko, Russland eller Spania , skal pensjon og uføreytingar ikkje skattleggjast i Noreg.

Australia

Dersom du bur i Australia, skal pensjonen ikkje skattleggjast i Noreg dersom du aldri har arbeidd for ein offentleg arbeidsgjevar i Noreg. Uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS). skal heller ikkje skattleggjast i Noreg. Er du australsk statsborgar, skal pensjon knytt til tidlegare offentleg teneste ikkje skattleggjast i Noreg.

Dersom du ikkje er australsk statsborgar og du har  arbeidd for ein offentleg arbeidsgjevar i Noreg, er den delen av pensjonen som er knytt til tidlegare offentleg teneste (inklusiv den tilsvarande delen av grunnpensjonen) skattepliktig i Noreg. Dette gjeld både når pensjonen blir betalt ut frå NAV og frå andre offentlege pensjonsordningar.
Uføretrygd frå folketrygda og andre uføreytingar (med unntak av livrenter) er skattepliktige i Noreg.

Frankrike

Dersom du bur i Frankrike, skal pensjon frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar ikkje skattleggjast i Noreg. Uføreytingar frå andre ordningar enn folketrygda skal heller ikkje skattleggjast i Noreg.

Pensjon og uføretrygd frå folketrygda og pensjon knytt til tidlegare offentlig teneste er skattepliktige i Noreg.

Italia

Dersom du bur i Italia skal pensjon ikkje skattleggjast i Noreg dersom du aldri har arbeidd for ein offentleg arbeidsgjevar i Noreg. Uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skal heller ikkje skattleggjast i Noreg. Er du italiensk statsborgar, skal pensjon knytt til tidlegare offentleg teneste ikkje skattleggjast i Noreg.

Dersom du ikkje er italiensk statsborgar og du har arbeidd for ein offentleg arbeidsgjevar i Noreg, er den delen av pensjonen som er knytt til tidlegare offentleg teneste (inklusiv den tilsvarande delen av grunnpensjonen), skattepliktig i Noreg. Dette gjeld både når pensjonen blir betalt ut frå NAV og frå andre offentlege pensjonsordningar.

Kypros

Dersom du bur på Kypros, er alle pensjonar, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar skattepliktige i Noreg.

Nederland

Dersom du bur i Nederland er alle pensjonar og uføreytingar skattepliktige i Noreg.

Dersom du budde i Nederland og hadde norsk pensjon/uføreyting i 2013, skal pensjon frå folketrygda, pensjon/uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og pensjon/uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) ikkje skattleggjast i Noreg. Andre pensjonar/uføreytingar er skattepliktige i Noreg. Dette gjeld om du ikkje før utgangen av 2015 har gitt beskjed til skatteetaten både i Noreg og Nederland om at du vil skattleggjast i Noreg for alle norske pensjonar og uføreytingar.

Norden

Dersom du bur i eit anna nordisk land skal uføreytingar frå private og offentlege tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar (med unntak av livrenter) ikkje skattleggjast i Noreg.

Alle pensjonar, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) er skattepliktige i Noreg.

Pakistan

Dersom du bur i Pakistan skal pensjonar, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) ikkje skattleggjast i Noreg.

Uføreytingar frå private og offentlege tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar (med unntak av livrenter) er skattepliktige i Noreg.

Polen

Dersom du bur i Polen, skal pensjon og uføreytingar frå private pensjonsordningar som ikkje er obligatoriske pensjonsordningar eller skattefavoriserte pensjonsordningar ikkje skattleggjast i Noreg.

Pensjonar, uføretrygd og andre uføreytingar som blir utbetalte av NAV, er skattepliktige i Noreg. Pensjonar og uføreytingar frå innskots- og føretakspensjonsordningar og frå livrenter (IPA og IPS) er også skattepliktige i Noreg.

Storbritannia

Dersom du bur i Storbritannia, er pensjon, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar skattepliktige i Noreg.

Uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar skal ikkje skattleggjast i Noreg. Er du britisk statsborgar, skal pensjon/uføreytingar frå offentlege tenestepensjonsordningar ikkje skattleggjast i Noreg.

Dersom du budde i Storbritannia og hadde norsk pensjon den 16.desember 2013, kan du velje at følgjande typar av ytingar framleis ikkje skal skattleggjast i Noreg: pensjon og uføretrygd frå folketrygda når ytingane ikkje er knytte til tidlegare offentleg teneste, pensjon frå private tenestepensjonsordningar, pensjon frå andre private pensjonsordningar og uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS). Valet er endeleg og gjeld så lenge du mottek disse ytingane frå Noreg.

Du må ta kontakt med skattekontoret i Noreg om du ønskjer at den pensjonen/uføreytinga som du hadde den 16. desember 2013, ikkje skal skattleggjast i Noreg.

Sveits

Dersom du bur i Sveits, er pensjonar knytt til tidlegare privat eller offentleg teneste skattepliktige i Noreg.

Andre pensjonar og uføreytingar skal ikkje skattleggjast i Noreg.

Thailand

Dersom du bur i Thailand, skal den delen av pensjonen som er skattlagd i Thailand, ikkje skattleggjast i Noreg. Den delen av uføretrygda frå folketrygda og uføreytingar frå livrenter (IPA/IPS) som blir skattlagt i Thailand, skal ikkje skattleggjast i Noreg.

Uføreytingar frå offentlege og private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar (som ikkje er livrenter), er skattepliktige i Noreg.

Tyskland

Dersom du bur i Tyskland, er alle pensjonar, uføretrygd frå folketrygda og uføreytingar frå andre ordningar, skattepliktige i Noreg.

Krav til dokumentasjon (skatteavtalar)

Om du meiner at heile eller delar av pensjonen/uføreytinga di skal vere skattefri i Noreg i 2017 etter reglane i ein skatteavtale, kan du søkje om frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Når du søkjer om frikort fordi heile pensjonen/uføreytinga ikkje skal skattleggjast i Noreg etter reglane i ein skatteavtale må du:

  • opplyse om kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga
  • leggje ved ein bustadsattest (Certificate of Residence) frå skattestyresmaktene i det landet du bur i.

Når du søkjer om skattekort med lågare trekk enn 15 prosent fordi delar av pensjonen/uføreytinga ikkje skal skattleggjast i Noreg etter reglane i ein skatteavtale må du:

  • opplyse om kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga
  • opplyse om du har arbeidd for ein norsk offentleg arbeidsgjevar og eventuelt kor mange år du har vore tilsett i offentleg teneste og kor mange år du har vore tilsett i privat teneste og/eller vore sjølvstendig næringsdrivande. Dette gjeld når du får pensjon.
  • dokumentere kor stor del av pensjonen som ikkje skal skattleggjast i Noreg når pensjonen blir betalt ut av NAV. Dette gjeld når du får pensjon.
  • leggje ved ein bustadsattest (Certificate of Residence) frå skattestyresmaktene i det landet du bur i

Certificate of Residence må vere utferda av skattestyresmaktene i det landet du bur i og uttrykkjeleg stadfeste at du er skattemessig busett der etter skatteavtalen med Noreg. Attesten må vere i original og ikkje meir enn tre månader gammal.

Krav til ekstra dokumentasjon for Thailand

Når du er skattemessig busett i Thailand, må du i tillegg leggje ved ei eigenerklæring der det går fram:

  • at du vil opphalde deg i Thailand i minst 180 dagar i 2017
  • kva for beløp som vil bli gitt opp til skattlegging i Thailand i den thailandske skattemeldinga for 2017.

Skattekontoret kan krevje at du sender inn dokumentasjon som viser at den norske pensjonen/uføreytinga er skattlagd i

Thailand etter at du har levert den norske skattemeldinga for 2017.