Andre land

  • Skriv ut

Du må betale skatt av pensjonar og uføreytingar som blir utbetalt frå Noreg, sjølv om du ikkje er skattemessig busett i Noreg.

Dette gjeld både for personar som er skattemessig emigrert frå Noreg og personar som aldri har budd i Noreg. Skatten er 15 prosent av brutto pensjon/uføreyting.

Det gjeld nokre unntak frå skatteplikta:

  • Du kan ha krav på heilt eller delvis skattefritak etter skatteavtalen med det landet der du er busett.
  • Du skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar når du ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda.

Du kan ha krav på ein lågare skatt enn 15 prosent når du bur i eit EU/EØS-land og minst 90 prosent av inntekta di er skattepliktig i Noreg.

Du finn meir informasjon i denne brosjyren .

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.