Tilbakebetaling av trekt kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar

  • Skriv ut

Dersom du blei trekt skatt ved utbetalingen av pensjon eller uføreytingar i 2017 før du fekk frikort, kan du søkje om å få utbetalt den trekte skatten no.

Dersom du ikkje søkjer om tilbakebetaling vil for mykje trekt skatt bli utbetalt når du får skatteoppgjeret for 2017 i oktober 2018. Du vil då få renter på tilgodebeløpet.

Når du søkjer om å få utbetalt den trekte skatten må du gje følgjande opplysningar:

  • fødselsnummeret eller D-nummeret ditt
  • kven som betalar ut pensjonen
  • kor mykje skatt som er trekt. Du må leggje ved ein kopi av dei dokumenta som viser utbetalt pensjon og trekt skatt.
  • kva for bankkonto beløpet skal setjast inn på. Du må gje opp IBAN (International Bank Account Number) for kontoen din og BIC (SWIFT-adresse) for den utanlandske banken din (din bankfilial)

Du må også leggje ved ein stadfesta kopi av pass (eller annan legitimasjon med bilde) og dokumentasjon som viser at du er eigar av kontoen eller har disposisjonsrett til den.

Dersom du bur i eit land som ikkje brukar IBAN/BIC, må du gje tilstrekkelege opplysningar om kontoen din og om namnet og adressa til banken. Sjekk med banken kva for opplysningar som trengst.

Dersom du ikkje kan leggje fram dei opplysningane som er nemnde ovanfor, kan du gje skattekontoret fullmakt til å hente inn opplysningar om trekt skatt og bankkonto frå pensjonsutbetalaren. Den trekte skatten vil då bli utbetalt til den same kontoen som du får pensjonen på.

Vi gjer merksam på at du ikkje får rentegodtgjersle når trekt skatt blir betalt ut før skatteoppgjeret.

Søknadar om tilbakebetaling av kjeldeskatt skal rettast til :
Skatt nord
Postboks 6310
NO – 9293 Tromsø

Tlf. frå utlandet   +47 22 07 70 00
Tlf. frå Noreg      800 80 000
E-post                Du må gå inn på skatteetaten.no/sendepost for å sende e-post.

Hugs å oppgje fødselsnummeret eller D-nummeret ditt når du vender deg til Skatteetaten.

Skattemelding for inntektsåret 2017

Frå i år får du ei skattemelding i staden for ei sjølvmelding.


Når du får tilsendt den norske skattemeldinga i april 2018 er det viktig at du:

  • endrar det beløpet som står i skattemeldinga og oppgjev det beløpet som er skattepliktig
  • leverer skatteeldinga

Skatteetaten kan krevje at du sender inn

  • ein bustadsattest frå skattestyresmaktene i det landet der du bur (Certificate of Residence) som uttrykkjeleg stadfester at du er skattemessig busett der
  • ev. annan dokumentasjon som er nødvendig for å få skattefritak

Dersom du ikkje leverer skattemelding og dokumentasjon for inntektsåret 2017, får du 15 prosent skatt på pensjonen ved skatteoppgjeret. Du vil då få restskatt.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.