Blir det automatisk trekt 15 prosent kjeldeskatt frå pensjonen/uføreytinga mi?

Den som betalar ut pensjonen/uføreytinga, skal trekkje 15 prosent skatt dersom du ikkje har søkt om og fått eit skattekort med lågare trekkprosent eller eit frikort.

Dersom du har krav på skattefritak eller lågare skatt, må du sende ein søknad til Skatteetaten om frikort eller skattekort med eit lågare trekk. Du må òg leggje fram dokumentasjon som viser at heile eller delar av pensjonen/uføreytinga din ikkje skal skattleggjast i Noreg.

Les meir om Kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.

Skattetrekket vil halde fram til søknaden din er handsama og utbetalaren har har  henta det nye skattekortet/frikortet elektronisk frå Skatteetaten. Du får ei skattetrekksmelding med informasjon om utrekna trekkprosent/frikort. Du skal ikkje sende skattetrekksmeldinga til den som betalar ut pensjonen/uføreytinga.

Blir du ikkje trekt 15 prosent skatt av pensjonen/uføreytinga, må du ta kontakt med Skatteetaten og søkje om nytt skattekort.