Det har blitt trekt for mykje skatt av pensjonen/uføreytinga mi. Korleis får eg pengane tilbake?

For mykje trekt skatt vil i utgangspunktet bli betalt tilbake ved skatteoppgjeret neste år.
Når du får skattekort med lågare trekk enn 15 prosent, vil skattekontoret ta omsyn til den skatten som allereie er trekt når det fastset trekket for resten av året.

Når du får fritak for trekk i heile pensjonen/uføreytinga fordi du ikkje skal betale skatt i Noreg av pensjonen din, kan du søkje om å få betalt ut den skatten som allereie er trekt.