Eg har fått frikort/skattekort med lågare trekk enn 15 prosent . Blir dette automatisk vidareført for neste år?

Hadde du pensjon/uføreytingar i 2016 som ikkje var skattepliktig og/eller du har frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent i 2017,treng du ikkje å søkje om frikort for 2018. Skatteetaten skriver ut et nytt frikort på grunnlag av dei opplysningane som dei har om din skatteplikt.

Den som betalar ut pensjonen/uføreytinga hentar det nye skattekortet/frikortet elektronisk frå Skatteetaten. Du får ei skattetrekksmelding med informasjon om utrekna trekkprosent/frikort. Du skal ikkje sende skattetrekksmeldinga til den som betalar ut pensjonen/uføreytinga.

Meiner du at skattekortet er feil, må du søkje om nytt skattekort.

Flytter du frå det landet der du bur eller du av andre grunnar ikkje lenger er skattepliktig der, må du søkje om nytt skattekort.