Eg har flytta tilbake til Noreg frå utlandet. Skal eg framleis betale kjeldeskatt på pensjonen/ uføreytinga?

Du skal betale kjeldeskatt på pensjonen/ uføreytinga fram til det tidspunktet du blir skattemessig busett i Noreg. Frå dette tidspunktet skal du skattleggjast etter dei vanlege reglane som gjeld for personar som bur i Noreg. Du må ta kontakt med skattekontoret for den kommunen du flyttar til og be om eit nytt skattekort slik at du får rett skattetrekk.

Les meir om reglane om skattemessig bustad ved flytting til Noreg .