Kva for dokumentasjon må eg sende til skattekontoret i Noreg når eg søkjer om skattekort/frikort for første gong?

Når du søkjer om trekkfritak eller lågare trekk enn 15 prosent for første gong, må du

  • opplyse om kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga, og
  • leggje ved ein bustadsattest (Certificate of Residence).

Bustadsattesten skal vere utferda av skattestyresmaktene i det landet du bur i og uttrykkjeleg stadfeste at du er skattemessig busett der etter skatteavtalen med Noreg. Stadfestinga må vere i original og ikkje meir enn tre månader gammal.

Du må òg leggje fram annan dokumentasjon der det er naudsynt. Les meir i brosjyren Kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.